Stian Kleivdal gjekk heilt til topps i kvalifiseringa i Hafjell, og kan no begynne å tenke på X Games Norway.
Stian Kleivdal gjekk heilt til topps i kvalifiseringa i Hafjell, og kan no begynne å tenke på X Games Norway.

Ingen pallplass til Kleivdal

Det vart ingen X-Games-medalje til Stian Kleivdal og Geilo.

Kleivdal imponerte då han tok seg til finalen, og hadde gode moglegheiter til å hevde seg framfor fyrste finalerun laurdag kveld. Geilingen sikra seg X-Games-plass då han slo knockout på konkurrentane i kvalifiseringa i Hafjell i februar.

Gode sjansar

Og han hadde gode moglegheiter til å hevde seg som ein av seks finalistar i bigair på Fornebu laurdag kveld. Arrangøren har som kjent satsa høgt med ei særs kreativ utfordring til ski- og brettkøyrarane denne gongen. Dei seks finalistane måtte ned gjennom eit hol i taket og ned in-runnet med heile 52 graders helling før dei kunne gje alt i lufta. Kleivdal starta som nummer fire og drog til med ein frontside 1400 i fyrste run. Men med eit fall, og dermed trøblete landing, fekk han ikkje med seg meir enn 12 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg fekk litt meir fart enn eg trudde. Det er for så vidt positivt, men eg må halde att litt, sa Kleivdal etter fyrste run. – Men eg koser meg og har det artig. Å kome til finalen er ein bonus i seg sjølv, la han til.

Nære på

Dermed hadde han alt å hente på dei to neste og siste forsøka. Men heller ikkje då gjekk det vegen for geilingen. På andre run så det lenge ut som Kleivdal skulle klare å lande ein ryddig frontside 1440. Men med nok eit fall i landinga vart det klart at han måtte vinke farvel til pallplass. Kleivdal enda på femteplass med 18,66 poeng.

- Det var nære på. Eg var usikker på om eg kom til å få det til. Det hadde vore moro viss det gjekk. Men slik er det. No gjelds det berre å kose seg, og levere show i siste runde.

Canadiske Max Parrot har med god grunn vore ein klar favoritt framfor X-Games i Oslo. Etter å ha vore borte frå idretten på grunn av ein alvorleg kreftdiagnose, har han no vore kreftfri i to månader. Den seinaste tida har han ligge i hardtrening for å kome tilbake i toppform. Han imponerte difor stort då han runda av comebacket med å ta X-Games gull med 91 poeng laurdag kveld.

Bråten ute før finalen

Også bigair-finalen på ski går av stabelen på Fornebu laurdag kveld. Her ville Øystein Bråten (Torpo) vore eit sjølvsagt medaljehåp. Men i kvalifiseringa hamna Bråten utanfor topp seks. Såleis må han nøye seg med å følge finalen frå publikumsplass.