Politi.
Politi.

Ingen alvorleg skadde

Ein bil har køyrd av vegen ved Øygardane i Gol. Det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade.

Kring klokka fire sundag ettermiddag rykka politiet ut på melding om ei trafikkulykke på Hemsedalsvegen ved Øygardane i Gol. Berre ein bil var involvert i ulykka. Føraren var åleine i bilen, og verkar å vera uskadd. Det opplyser operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt. Bilen har hamna utanfor vegen, og blitt liggande på sida ved gangvegen. Trafikken stod stille i begge retningar kort tid etter ulykka, men skal gå som normalt no.