Den aktive idretten i særidrettane blir ikkje råka av stiftinga av Viken idrettskrets.
Den aktive idretten i særidrettane blir ikkje råka av stiftinga av Viken idrettskrets.

Idrettskretsane slepp unna det store Viken-sjokket

Samanslåinga av idrettskretsane i Buskerud, Akershus og Østfold får minimale konsekvensar for klubbar og idrettslag.

Kretsane blir slått saman frå 1. januar 2020.

Årsaka er at det nye storfylket Viken med grense frå Hallingskarvet til Halden trer i kraft denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Små konsekvensar

Det markerer starten på slutten for dei tre idrettskretsane i Buskerud, Akershus og Østfold.

Men det er likevel ikkje vente store endringar.

– Det får små konsekvensar for klubbane, seier Roar Bogerud i Buskerud idrettskrets.

Bogerud er også leiar i interimstyret som i over eit år har arbeidd med å førebu samanslåinga av dei tre kretsane. Fleire forhold ligg til grunn for samanslåinga. Eitt er eit vedtak i Norges idrettsforbund som seier at idrettskretsane skal følge offentleg forvaltning. Eitt anna område er finansiering.

– Idrettskretsane hadde ikkje noko val fordi den i stor grad er finansiert av fylket. No håpar me å skape ein kraftigare organisasjon som kan ha stor påverknadskraft. Me vil også arbeide betre ut mot klubbane og tilby fleire gode kurs.

Ekstraordinære ting

Den aktive idretten blir ikkje råka av den nye idrettskretsen.

Årsaka er at særidrettane framleis er organisert som før med sine regioninndelingar. Bogerud seier kommunesamanslåingar, som til dømes i Røyken og Hurum med Asker, får større konsekvensar. Nye Viken idrettskrets får 17 tilsette. I det nye styret skal det første perioden frå 1. januar 2020 til våren 2022 vere tolv plassar. Ein valkomité som består av valkomiteane i dagens tre kretsar arbeider no med å innstille medlemmer som skal veljast på det ekstraordinære idrettstinget 19. oktober. Tidleg denne dagen blir det halde tre ekstraordinære kretsting der tilslutninga til Viken blir vedteke. Så blir det nye regiontinget konstituert.

100 år

Dermed rakk Buskerud idrettskrets i likskap med dei andre kretsane akkurat å feire 100 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1919 vart det distriktslag i alle landets fylke. Hallingdal var lenge del av Øvre Buskerud idrettskrets, men i 1963 vart to distriktskretsar slått saman til Buskerud idrettskrets. Østfold idrettskrets vart stifta i 1945 mens Akershus vart til i 1988 etter ei samanslåing av Romerike og delar av Oslo.