Malin Saue Johansen (23) frå Gol landa draumejobben raskt etter studiet. Ho er å sjå som reporter i «God Morgen Norge» på TV2.

I farta: - Eg føler eg har sanka inn nokre vaksenpoeng det siste året

Malin Saue Johansen frå Gol gjekk rett frå journalistikkstudium til jobb i TV2. No er ho reporter i «God Morgen Norge», har kjøpt seg leilegheit og grill, og står med beina godt planta i vaksenlivet.

Malin Saue Johansen (23)

Frå Gol, utdanna journalist ved Høgskulen i Volda. Bur i Oslo og jobbar som reporter og nettansvarleg i «God Morgen Norge» på TV2.

– Korleis har du det i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veldig fint. Eg ser fram til helga, sjølv om vêret ser ut til å skifte.

– Korleis er det å jobbe i mediebransjen i desse dagar?

– Det er veldig spesielt. Me var ei av dei første bedriftene som gjekk ut i heimekontor, og har hatt det sidan. Det er ein merkeleg situasjon. Mykje av fokuset vårt ligg på å både dekke koronasituasjonen, og samstundes gi sjåarane gode nyheiter og historier. Eg håpar kontoret opnar for fullt snart, for ein blir meir kreativ av å sitje saman. Det går mykje i hettegenser og treningstights om dagen.

– Har du lært noko nytt om deg sjølv det siste året?

– Eg vil nok seie at eg har blitt meir sjølvstendig. Å gå frå å vere student med få bekymringar, til å plutseleg ha ein jobb med mykje ansvar gjer at ein blir meir vaksen og reflektert. Eg føler eg har sanka nokre vaksenpoeng det siste året, med både jobb og leilegheit.

– Kva imponerer deg?

– Eg vil seie at eg er ein person som blir imponert av veldig mykje. Men kanskje aller mest folk som tør å bruke røysta si og stå opp for kva som er rett og gale. Dei som tør å vere seg sjølv uansett kva samfunnet meiner at er riktig.

– Kva gjer deg irritert og sint?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sånn generelt er det urettferd. Eit godt eksempel er det som skjer i USA no, med rasisme og urett. Ein ser det ikkje berre der, men også i bygd og by her heime i Norge. Eg forstår verkeleg ikkje kvifor dette framleis er eit problem i 2020. På eit heilt overflatisk nivå må det bli dårleg folkeskikk og smatting.

– Gjævaste gjenstanden du eig?

– Det må vel vere leilegheita mi, viss det er ein gjenstand? Eg eig jo ikkje så veldig mykje anna. Også har eg kjøpt meg ein grill! Han har eg blitt veldig glad i.

– Framtidsønske?

– Først og fremst at dei eg er glad i heldt seg friske. Også har 2020 vore eit veldig rart år, så eg håpar kvardagen snart går tilbake til normalen. At me kan klemme kvarandre, drikke vin saman og reise på tur. Så håpar eg at eg kan halde fram med denne jobben og gjere det eg likar aller best. Lage TV og vere med på å formidle gode historier.