Laura Gaiger frå England opnar utstillinga «Kulturlandskap» i Galleri Syningen i Ål kulturhus 14. mai.

– I England har folk flest ikkje tilgang til landskap - her til lands står kampen om ressursane

For Laura Gaiger er landskap noko langt meir enn eit vakkert syn. Det er også ein kulturell og politisk arena.

Det store måleriet ho er i ferd med å henge opp i Galleri Syningen i Ål kulturhus, syner folk som kjempar og protesterer. I bakgrunn ser me vakre engelske åkrar. Det er ikkje eit tilfeldig motiv. Laura Gaiger har vakse opp på gard ikkje langt frå Southampton i England. Det har forma interessa for og utforskinga av samspelet mellom landskap og måten me som menneske lever livet vårt på.

– Utan bakgrunnen frå gard hadde eg neppe gått denne vegen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bileta kjem heim

Laurdag stiller ho ut i Ål kulturhus. Det er Ål kunstforening som har engasjert kunstnaren frå England som no bur i Bergen. Det var under eit arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun i fjor kunstforeninga sikra seg avtalen med Gaiger.

– Eg begynte på dei store bileta dei to månadene er arbeidde her. Slik sett kjem bileta heim, seier Laura Gaiger.

Les også
Ål er Årets kulturkommune: - Dette er veldig hyggeleg, og veldig fortent

I tillegg til utstillinga i galleriet tek Gaiger turen tilbake til Leveld og stiller ut tre arbeid også der, eitt like ved elva Votna kort veg frå kunstnartunet, eitt like ved tunet og eitt ved den nyopna butikken på Samhald.

Av denne presenningen laga Laura sitt telt og si utstilling ved Votna i Nordbygdene i Ål. Her sov ho mange netter i hengekøye under opphaldet sitt i Leveld.

Romvesen på presenning

Under opphaldet sist sommar var Gaiger observatør i bygda. Ho fanga motiv som oppstabla rundballar med påmåla sure fjes, ein protest mot landbrukspolitikken. Ho registrerte merkeleg landbruksutstyr som møkkaspreiaren med breie armar og mengder av slangar. Alle som er vane med utstyret, ser det ikkje. Det har blitt ein del av landskapet og naturleg i form av å vera nyttig reiskap. For Gaiger minna det nærmast om romvesen!

– Eg måla nokre av motiva på ein kvit presenning og stilte det ut ved Votna sist sommar. No set eg det opp att. I bygda er desse tinga både nyttig og naturleg. Korleis blir det oppfatta når det framstår som kunst og i skogen? spør Gaiger.

På denne måten trekkjer ho ei linje frå skogen ved Votna til utstillingslokalet i Ål kulturhus.

Laura Gaiger førebur utstillinga som opnar i Ål kulturhus laurdag.

Debuterer med tresnitt

Sidan opphaldet i Hallingdal har Laura Gaiger stilt ut på Haustutstillinga og hatt ei større utstilling ved USF Verftet i Bergen. Med mykje interessant omtale. Dessutan har ho budd i Sverige ein periode og utvikla seg vidare innan grafikk. Faktisk er dei fleste arbeida som blir stilt ut trykk. Det er fyrste gongen ho stiller ut tresnitt.

– Dei har motiv frå måleria mine og har meir fargar og atmosfære. Det er moro å jobbe med, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I Norge er landskapet politisk fordi landet har så mange ressursar menneska vil utnytte, seier Laura Gaiger.

Landskapet «sett i arbeid»

Dei store måleria - to av dei har ho med til Ål - er meir typiske for kunsten hennar. Det er her ho utfaldar seg rundt tematikken landskap. I England er ho oppteken av korleis folk flest er avskoren frå mykje landskap. Folk har rett og slett ikkje tilgang fordi det meste er eigd av få og store landeigarar. Nesten alt areal er «brukt» og allemannsretten finst ikkje. Opp gjennom historia har folk måtta slåst for sin plass. Slik har landskapet blitt ein konfliktfylt arena.

– I England er nesten alt landskap «sett i arbeid», forma av menneska, seier ho.

Les også
No stiller ho også ut keramikk: – Det er spennande å lære nytt

Kontrasten er stor til Norge. Her er det plass. Likevel er landskapet minst like politisk her til lands, meiner Gaiger.

– I Norge er landskapet politisk fordi landet har så mange ressursar menneska vil utnytte. Det handlar om olje, fisk, mineral og vegar til utbyggingsområde og vindparkar. Alt dette er einvegsvegar. Ein kan ikkje utnytte det meir enn ein gong, seier Gaiger.

Meir enn noko er Laura Gaiger oppteken av samspelet mellom menneske og landskap. Derfor blir landskapet ikkje berre noko fint å sjå på. Det blir også ein kulturell og politisk arena.

Les også
Klare med nytt spelstykkji: – Herleg å vere tilbake på scenen utan å tenkje på restriksjonar
Les også
Hauge & Gauteplass klar for 17. mai-sending att
Les også
Strålande fornøgd med Sundreball: Blir det ein vinter- eller vårfestival?