Ny nettside: Torsdag morgon lanserer Hallingdølen ny nettside og oppdatert nyheitsapp.

I dag blir Hallingdølen ny: – Eit stort digitalt steg

Hallingdølen fornyar seg digitalt med ny nettside og nyheitsapp.

I dag, torsdag, blir dagens nettside erstatta med ei ny. Sida har nytt design med annan fargebruk enn den raude varianten me kjenner i dag. På den nye sida er det ein meir dempa, blågrøn farge som går att, mens avishovudet er tilbake att som svart og klassisk.

– Elles er tanken å gjera sida meir kompakt og oversiktleg. Artiklane vil i større grad enn før bli berika med bilete, video og andre digitale element, fortel redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyftar fram meiningsstoffet

I tillegg til dei løpande nyheitssakene, blir meiningsstoffet lyfta meir fram på den nye sida. Det vil seie leiaren, dagens ytring og ikkje minst lesarbreva. Desse har til no hatt ein lite synleg plass på hallingdolen.no.

Les også
Kronikk: Kor lenge har me uavhengige lokalaviser?

– Lesarinnlegg er godt stoff som fortener ein betre presentasjon enn det me har hatt til no, seier Holden.

På sida vil du også finne ein god miks mellom nyheiter og reportasjar, faste spalter og info om både eigedomsoverdraging, vêr og skiløyper. Hallingdølen vil også dyrke korte nyheitsmeldingar i toppen av sida, og elles krydre med for eksempel korte glimt frå 25 og 50 år tilbake.

Lag di eiga side

Hallingdølen har hatt eigen nyheitsapp, og også denne blir fornya i omlegginga. Har du appen, treng du ikkje gjera anna enn å svare «ja» når du får spørsmål om å oppdatere han. Viss du ikkje har nyheitsappen, kan du laste han ned gratis frå Apple Store (iPhone) eller Google Play (Android).

Les også
No er Lillian Holden ansvarleg redaktør

– I den nye appen kan du velje ulike tema du kan følgje (nyheiter, kultur, sport, meiningar), eller du kan velje å følgje saker frå ein bestemt kommune. Du lagar di eiga side i tillegg til standard framside. Dette er nytt, fortel Lilian Holden og Odd Ingvar Bergo som har ansvaret for den tekniske delen av omlegginga.

Nytt avisdesign

Ny nettside og ny nyheitsapp er fyrste del av ei større omlegging av Hallingdølen. Denne går live torsdag. Laurdag kjem andre del som er papiravis i nytt design.

Siste sjekk før alt er på plass. F.v. prosjektansvarleg Embrik Luksengard, it-ansvarleg Odd Ingvar Bergo og redaktør Lillian Holden.