Frå 20. april er det ikkje lenger straffbart å vere på hytta. Biletet er frå hyttefeltet Nyork i Hemsedal.

Hytteforbodet blir oppheva frå 20. april: – Då har me i alle fall tid til å rigge oss

Då regjeringa presenterte oppdaterte koronatiltak i dag, kom det ei gladmelding til hytteeigarane.

Det omdiskuterte hytteforbodet blir oppheva 20. april.

– Det vil ikkje lenger vere straffbart å overnatte på hytta, men det er framleis ei nasjonal anbefaling å unngå fritidsreiser, seier helseminister Bent Høie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ullent

I Hemsedal registrerer ordførar Pål Rørby kva som har blitt sagt.

– I første omgang ser me rett og slett på dette som ei utviding av forbodet frå den 13. til den 20. Om dette no blir handheva, og myndigheitene står på ei opning den 20., så har me i alle fall tid til å rigge oss og sjå på korleis me skal gjere det.

Rørby følgde pressekonferansen klokka 16 i dag, og er ikkje vidare imponert over det som kom fram i samband med den nye hyttebeskjeden.

– Eg meiner det vart ullent forklart. Forbodet blir oppheva, men samstundes vil dei framleis rå ifrå unødvendige fritidsreiser, seier han.

Dei nye tiltaka

Det var knytt stor spenning til regjeringa sin pressekonferanse tysdag. Ikkje minst med tanke på kva som skal skje med skular og barnehagar framover.

Då statsminister Erna Solberg gjekk på talarstolen kom svaret:

** Barnehagane skal opne att frå 20. april. Elevar som går i 1. — 4. klasse skal tilbake på skulen 27. april. Målet er at alle elevar skal tilbake på skulen på ein eller anna måte før sommaren.

** Også elevar som går siste året på yrkesfag skal vende tilbake til skulen 27. april. Studentar som driv og avsluttar ein grad skal kunne kome tilbake på studiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

** Frisørar og anna verksemd som er stengt av smittevernomsyn, kan opnast opp att i løpet av april.

** Forbodet mot kultur-, idrett- og andre arrangement som ikkje varetek grunnleggande krav til smittevern vil gjelde fram til 15. juni. Du kan lese meir om dette ved å klikke her.

** Sjukehus skal førebu normal drift etter påske. Det skal også jobbast for at kommunane kan gjenopprette normal aktivitet i helse- og omsorgstenesta.

Les også
Stolar på folk - fryktar ikkje hyttejuks
Les også
Køyrer over tre timar for påskehandelen
Les også
Han står bak omdiskutert hytteorganisasjon