Frå 15. april til 15. september gjeld det «generelle bålforbodet». I løpet av denne perioden er hovudregelen at det ikkje er lov med bruk av open eld i skog og utmark.
Frå 15. april til 15. september gjeld det «generelle bålforbodet». I løpet av denne perioden er hovudregelen at det ikkje er lov med bruk av open eld i skog og utmark.

– Hugs bålforbodet

– Er du usikker på om det er trygt å tenne bål – lét du det vera, seier brannsjef Kai Redalen, i Nore og Uvdal brannvesen.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne bål i skog og utmark. Hovudregelen er at det ikkje er lov å bruke open eld, som bål, eingongsgrill eller bålpanne på skogsturen.

Tørrare enn ein trur

Brannvesenet ber alle om å vera forsiktige, bakken er ofte tørrare enn ein trur. Det er ikkje mange dagane sidan Nore og Uvdal brannvesen rykte ut til ein grasbrann i Uvdal. Noko som syner kor tørt det kan vera enkelte plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er store forskjellar i kommunen no. På solsidene har snøen smelta. Med sol, vind og fjorårets lauv og gras er det stor fare for brann. Det er aktlaust å gjere opp eld, seier Redalen.

– Bruk hovudet

Der det framleis ligg snø, kan ein gjere opp eld også etter 15. april, om det ikkje er openberr fare for brann. Men om elden kjem ut av kontroll har du ansvaret.

Grilling i hagen er ikkje råka av bålforbodet, men Redalen minner om at ein likevel er nøydd å bruke hovudet.

– Alle er pålagt å vera aktsame ved bruk av eld, også utanfor perioden med bålforbod. Er det fare for brann er det ikkje lov å gjere opp eld, seier han.