Koronatesting: Testing av koronasmitte ved Ål legevakt, onsdag 06. januar 2021

Hotellgjest smitta - i full gang med smittesporing

Ein person som har budd på eit hotell på Geilo er bekrefta smitta av koronaviruset. Fleire personar er alt sett i karantene og det går føre seg sporingsarbeid.

Personen budde på hotellet i helga, frå fredag til sundag. Koronatesten vart tatt etter at vedkommande kom heim til Oslo.

Då det positive prøvesvaret kom vart Hol kommune varsla. Det har torsdag gått føre seg eit større smittesporingsarbeid, som blant anna har sett ein annan familie som budde på hotellet i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne familien er testa med hurtigtest, og er no sendt heim til eigen kommune.

Les også
Tre smitta i Hol: Reiste til fjells før dei hadde fått testsvar

Ifølgje Hol kommune har hotellet hatt gode smittevernsrutinar som gjer at sporingsjobben er avgrensa. Dei meiner dei så langt har kontroll på situasjonen.

Men det er lokale næringslivsaktørar som må sjekkast ut og klarerast som følgje av smittetilfellet. Så langt meiner kommunen å ha kontroll på situasjonen.

Det muterte viruset breier om seg i heile Norge, og med tanke på kor personen kjem frå er det mistanke om mutant også i dette tilfellet.

Det har vore fleire tilfelle av koronasmitte i dalen gjennom denne vinterferieveka. Hemsedal har hatt tre, der det muterte viruset er påvist ved det eine tilfellet. Det siste kom onsdag.

Les også
Person i karantene reiste på hytta - vart deretter sjuk
Les også
Har fått bekrefta smitte av det muterte viruset