Styreleiar i destinasjonsselskapet Visit Geilo, Roger Espeli, fryktar konkursras som ei følgje av koronautbrotet.

Hol tapar fleire hundre millionar: — Katastrofetal for reiselivet og lokalsamfunnet

Næringsliv og reiseliv i Hol reknar med å tape fleire hundre millionar kroner som ei følgje av dei drastiske tiltaka som er gjort for å stoppe koronaviruset.

No slår styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli, alarm.

— Dette er katastrofetal for reiselivet og heile lokalsamfunnet i Hol, skriv Espeli i eit brev som er sendt til regjeringa, Viken fylkeskommune og Hol kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Åtte nye tilfelle av koronasmitte i Hallingdal torsdag

Millionane renn ut

Då alle pålegg om stenging kom 12. og 13. mars, var reiselivet godt inne i høgsesongen. Påska var som venta fullbooka og Skarverennet stod for tur. No reknar Visit Geilo med at i overkant av 50 millionar går tapt berre på Skarverennet og alt det rennet fører med seg av handel og overnatting. SkiGeilo reknar med å tape 30 millionar på stenginga av alpinanlegga, og Geilogruppen med sine tre hotell reknar med å tape svimlande 100 millionar frå mars til august.

— Alt framover er avbestilt, seier Espeli.

Fryktar konkursras

I tillegg kjem alt av smått og stort innan varehandel, opplevingsbedrifter, serveringshytter og andre leverandørar av tenester. Totalt har Visit Geilo 148 medlemmer.

— Fråfallet av hyttegjester legg handelen nesten brakk. No fryktar me konkursras, seier Espeli.

Les også
Krev at ordførar og statsminister opnar pengesekken

Ifølgje nye tal frå Visit Geilo omsette bedrifter for til saman over éin milliard kroner i 2019:

* 500 millionar i overnatting.

* 360 millionar innan varehandel.

* 165 millionar i opplevingsbransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

* 50 millionar på servering.

Treng kompensasjon no

Mykje av dette vil gå tapt i 2020. Derfor er meldinga klar frå Geilo:

— Me treng reell kompensasjon for omsetningstapet, og me treng det no.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Redusert moms frå tolv til åtte prosent er meiningslaust når alt uansett er stengt, meiner Visit Geilo.

Les også
Krisetal for Hallingdal - toppar arbeidsløysa

— Den statlege lånegarantien på 50 milliardar er sikkert eit bra tiltak, men konsekvensen av at inntektsbortfallet kan kompenserast med lån, vil vere ein forgjelda reiselivsbransje, meiner Espeli.

Visit Geilo foreslår derfor at styresmaktene skal handtere dette på same måte som ved avbrotsforsikring.

— Det bør enkelt kunne administrerast ved at kommunen og/eller staten betaler kompensasjon basert på forsikringsselskapas vurderingar om reelt tap av dekningsbidrag for alle våre medlemmer, som blir meldt inn direkte frå de råka bedriftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Det er ei rar tid. Så det at folk kan ha nokon å snakke med, er veldig viktig
Les også
— Me bønder må stå på og produsere som før
Les også
– Me må tette alle smutthol viruset finn