Valkampbudsjetta til dei politiske partia i Hol går for det meste med til materiell og utstyr til profilering.
Valkampbudsjetta til dei politiske partia i Hol går for det meste med til materiell og utstyr til profilering. Foto: Privat

Hol: Moderate valkampbudsjett

Partilaga i Hol brukar til saman i underkant av 100.000 kroner i valkampen.

Av dei fire partia er det Høgre som har sett av mest med 30.000 kroner.

– Dette er tenkt brukt på trykk og distribusjon, eventuelt anna utstyr og materiell, samt felles kandidatsamling med laga i Hallingdal og Nore og Uvdal, seier Hanne Haatuft.

Dei tre andre partia oppgir følgande summar:

* Ap: 25.000

* Senterpartiet: 20.000

* Venstre: 15.000

Det er i hovudsak til produksjon og distribusjon av valkampmateriell som partiprogram partia brukar mest pengar på.

– Ein del er til trykking og utsending av programmet. Ein del er til klede og andre artiklar me treng i samband med denne og seinare valkampar, seier leiar i Hol Arbeiderparti, Oskar Andreas Skulstad.

Senterpartiet er det einaste partiet som oppgir at dei har sett av ein pott til annonsering.

– Nokre tusen er sett av til annonsering og kring 1000 kroner til sponsing av innlegg i sosiale medium, opplyser Sigrid Simensen Ilsøy.