annonse

Ho blir den nye redaktøren i Hallingdølen

Nytilsett
Nytilsett: Lillian Holden, 32, er tilsett som ny ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Ho tek til i stillinga i haust. Her står ho saman med arbeidskollega og mediegrafikar Jarle Stanes, også han har bakgrunn som målvakt for Hallingdal FK. (Foto: Elias Dahlen)

Lillian Holden er tilsett som ny ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Ho etterfylgjer Embrik Luksengard og tek til i stillinga i haust.

Knut Olav Kvissel

Den nye redaktøren er i dag journalist i Hallingdølen. Ho starta i avisa for eit knapt år sidan, og kom då frå journalistjobb i VG. 32-åringen pendla mellom Nesbyen og Oslo fram til ho fekk jobb i lokalavisa.

– Eg er frå Ålen ved Røros og starta som frilansar i lokalavisa Arbeidets rett då eg var 13 år gamal. Det var ein god skule, ved sida av skulegangen. Etter vidaregåande studerte eg journalistikk fram til bachelorgrad ved høgskulen i Oslo. Samtidig med studia arbeidde eg som tilkallingsvikar i VG der eg fekk fast tilsetjing i 2011.

No er ho tilbake i lokalavis og gler seg til å ta fatt.

– Avisa eg tek over som redaktør er eit vanvittig godt produkt. Det gjeld å ikkje rokke for mykje ved det gode ved Hallingdølen. Samtidig må me både henge med i den digitale utviklinga og utvikle papiravisa vidare, seier Lillian Holden.

Fotball og jakt

Lillian Holden har budd i Nesbyen sidan 2015. Mange vil også kjenne henne frå sporten i Hallingdølen. Ho er no inne i sin tredje sesong som keeper på damelaget til HFK. – Eg har alltid spelt fotball, heile tida som keeper, fortel ho.

I tillegg til fotball er ho oppteken av jakt og friluftsliv. Ho, sambuaren, og dei fem hundane jaktar stort sett heile året.

Eit tidsskilje

– Tilsetjinga av Lillian Holden markerer eit tidsskilje for avisa. Det er svært mange år sidan det har vore tilsett ein redaktør som ikkje er ifrå Hallingdal, og det er fyrste gong ei kvinne har denne jobben. Det seier styreleiar i Hallingdølen, Kjell Vidar Bergo.

Han understrekar at den nye redaktøren har solid pressebakgrunn frå både lokal- og riksavis.

– Tilsetjinga har vorte godt motteken i avishuset. Eg reknar også med at ho blir godt motteke i lokalmiljøet, seier Kjell Vidar Bergo.

annonse