Fylkesrådsleiar Halvard Ingebrigtsen (t.v.) regiondirektør i Viken Oslo NHO, Nina Solli, og regionleiar i Viken LO, Ulf Lervik deltok på pressekonferansen der tiltakspakka vart lagt fram. Foto: Tom-Egil Jensen

Hjelpepakke til næringslivet i Viken

Viken fylkeskommune, LO og NHO i Viken går saman for å redde arbeidsplassar og bedrifter. Partane har lagt fram ei omfattande tiltakspakke.

Det skjedde under ein pressekonferanse måndag. Tiltakspakka er forankra i trepartssamarbeidet mellom fylkeskommunen, LO, og NHO Viken.

Verkemidla omfattar 16 forskjellige tiltak. Tiltaka er spesielt retta mot næringsliv, utdanning, kollektivtrafikk og kultur og- samfunnsliv. Fylkeskommunen vil mellom anna sørge for raskare utbetaling av støtte til kulturlivet.

Pakka inkluderer også auka støtte til digital opplæring for lærlingar og elevar.

Tiltakslista

Her er nokre av tiltaka:

- 24 millionar kroner til bedriftsintern opplæring.

- Forsering av vedlikehald og renovering av fylkeskommunale bygg.

- 35 millionar kroner til forsking for auka innovasjon

- 22 millionar kroner til næringsutvikling.

- Tre millionar kroner til utbygging av ladeanlegg.

- 500.000 kroner til digitale kurs som sikrar at frilansarar, sjølvstendig næringsdrivande og andre grupper kan styrke kompetansen i ei tid med få oppdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Støtte destinasjonsselskapa slik at bedriftenes medlemskontingent kan reduserast. Styrke destinasjonsselskapa slik at dei kan retteleie reiselivsbedriftene betre i vanskelege tider. Innrette eksisterande støtteordningar (KulturArvOpplevelser og Næringsutvikling i distriktskommunar) til å støtte meir kortsiktige tiltak, blant anna marknadstiltak, pakking av produkt og sesongsamarbeid.

- Støtteordningar retta mot landbruket innanfor ei ramme på sju millionar kroner. Pengane skal fyrst og fremst gått til å skaffe sesongarbeidskraft.

- Raskare utbetaling og innvilging av spelemidlar til kultursektoren.

- Der det er mogleg skal Viken ikkje avbestille eigne arrangement, men flytte dei i tid.

- Oppretthalde avtalar om skuleskyss med kollektivtransportselskapa.

Fleire pakker

Under pressekonferansen vart det understreka at partane vil halde fram å møtast. Det vil også kome fleire tiltakspakker.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

- Dokumentet presenterer konkrete forslag som vil få rask effekt. Situasjonen endrar seg frå dag til dag. Me vurderer heile tida korleis me best kan hjelpe. Samstundes arbeider me med langsiktige bidrag som fylkeskommunen kan stille opp med, opplyste fungerande fylkesrådsleiar Viken fylkeskommune, Halvard Ingebrigtsen (Ap), under pressekonferansen.