Hærverk på hus ved Ferieparken

To glasruter vart knust i eit bustadhus i Ål ved 2-tida natt til sundag. På Twitter skriv politiet at dei rekna det som sannsynleg at det var snakk om hærverk og sende ein patrulje til staden.

Det skadde huset ligg i Myrovegen, ikkje langt frå Hallingdal Feriepark, der det natt til sundag var fest etter Hallingspretten.