Sjølv om dei er mange kvinner på senteret betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen.
Sjølv om dei er mange kvinner på senteret betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen.

- Her skulle me gjerne hatt fleire menn

I helsesektoren i Ål kommune er 93 prosent av dei tilsette kvinner. I alt 16 menn har arbeidsplassen sin her.

Det er torsdag føremiddag på Ål bu- og omsorgssenter. Ingen mann er i sikte. Det er kanskje ikkje så rart, med tanke på kor få dei eigentleg er.

– Eg trur det er mellom tre-fire menn totalt som er fast tilsett her, seier hjelpepleiar Liv Svensgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er så få at ho og kollegaene Kari Myhre, Marina E. Øen og Vigdis Luksengard kan ramse opp alle utan å måtte tenke seg særleg lenge om.

93 prosent

I Ål kommune er det 225 tilsette i sektor helse, som mellom anna omfattar omsorgssenter, heimeteneste, PPT, legetenesta og NAV. I alt 16 menn er tilsett i sektoren. Menn utgjer sju prosent av dei tilsette, medan kvinnene er i klart overtal.

– Eg gjekk ut av sjukepleia på Gjøvik i 2011. Der var me kring 90 personar på kullet, tre av dei var gutar. Alle hadde planar om å gå vidare, to til psykiatrien og ein som anestesisjukepleiar, seier Øen. Luksengard legg til at talet var omkring det same då ho gjekk ut av sjukepleiarskulen i Haugesund på 80-talet.

Liv Sørbøen trivst på rommet sitt på omsorgssenteret. Her saman med Vigdis Luksengard.
Liv Sørbøen trivst på rommet sitt på omsorgssenteret. Her saman med Vigdis Luksengard.
Sjølv om dei er mange kvinner på senteret betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen. Fremst Vigdis Luksengard.
Sjølv om dei er mange kvinner på senteret betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen. Fremst Vigdis Luksengard.
Sjølv om dei er mange kvinner på Ål bu- og omsorgssenter betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen. Fremst Vigdis Luksengard.
Sjølv om dei er mange kvinner på Ål bu- og omsorgssenter betyr det ikkje at dei ikkje kunne tenkt seg fleire mannlege kollegaer. F.v. Kari Myhre, Margit Vindegg, Liv Svensgård og Marina E. Øen. Fremst Vigdis Luksengard.

Må vere interessert i folk

Men kva er årsaka til at mange menn tydelegvis skyr unna pleie- og omsorgsyrke? Finst det noko forklaring på det?

– For å jobbe med menneske må ein vere genuint interessert i folk. Det og den empatiske biten er veldig viktig. Då eg var lita jente var eg alltid så glad i gamle folk og eg bestemte meg tidleg kva eg skulle bli. Det er vel framleis slik at kvinner i større grad tek på seg omsorga i til dømes familien og heimen. Kanskje det er noko som er ulikt mellom kjønna, spør Svensgård seg, og legg til.

– Me ser at det i starten er ein barriere for jenter i starten å stelle menn nedantil. Kanskje barrieren endå større for menn?

Mange moglegheiter

Vigdis Luksengard seier at pleiedelen likevel berre er ein liten del av jobben til ein helsearbeidar. For henne var det i vel så stor grad andre faktorar som gjorde at ho ville bli sjukepleiar.

– Det var spennande med den medisinske delen, anatomi og behandling. Helseyrket har mange varierte oppgåver og det finst mange moglegheiter. Ein treng ikkje å jobbe på sjukeheim eller på sjukehus, ein kan også jobbe på oljeplattform eller ute verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre som kjem att

Fleire av dei fire har prøvd å få unge gutar til å ta sommarjobb på omsorgssenteret. Interessa har stort sett vore svært laber.

– Samstundes er det nokre gutar som har kome att år etter år. Men ein av dei bestemte seg etter kvart for å i staden ta på seg målejobbar. Det tente han meir pengar på.

Løn er også noko dei meiner kan spele inn når gutar forkastar ei helseutdanning.

– Og så kan kanskje mangelen på andre mannlege kollegaer også vere ein årsak. Det hadde vore bra for både miljøet på jobben og for brukarane. Det er nok ein del mannlege brukarar som kunne sett pris på av og til å møte ein mann av og til. No er det nesten forventa at hjelpepleiar og sjukepleiar er kvinner, seier dei og legg til at dei trur at lønna også vil stige om det kjem fleire menn inn.

Inn i skulane

Men korleis skal ein få fleire menn inn i denne sektoren?

– Ein må gå inn i skulane og informere. Me gjer meir enn å vaske rumper og smørje brødskiver. Det finst mange ulike moglegheiter for å vidareutdanne og spesialisere seg også, både innan sjukepleiar- og hjelpepleiarfaget. Dette er ein veldig spennande jobb og Ål kommune er ein god arbeidsplass. Framover vil det kome mange nye og spennande utfordringar med tanke på samhandlingsreforma med tanke på mellom anna rehabilitering.

Dei meiner også at ungdom kanskje bør få høve til å hjelpe til på omsorgssentera.

– Me treng mange frivillige, til trilleturar og liknande. Det kunne vore oppgåver som ungdom kunne gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinnedel i Ål

* Kvinner utgjer 80 prosent av kommunen sine tilsette.

* På toppleiarnivå, i rådmannsteamet, er det 57 prosent kvinner. Fire kvinner og tre menn.

* På mellomleiarnivå er det 65 prosent kvinner, 22 kvinner og 12 menn.

* Gjennomsnittleg løn for mellomleiar er for kvinner 502.500 kroner og 532.600 kroner for menn.

* I sektor helse er det sju prosent menn og 93 prosent kvinner, høvesvis 16 og 209.

* I sektor drift og utvikling er det 34 menn og 42 kvinner. Høvesvis 45 og 55 prosent.

* I sektor oppvekst er det 15 prosent menn og 85 prosent kvinner. Høvesvis 33 og 182 personar.

Slik er det i dei andre kommunane:

* Flå: Rådmannen si leiargruppe i 2013 bestod av 54,5 prosent kvinner og 45,5 prosent menn. Dei fem mellomleiarar er kvinner, og det er framleis ein hovudvekt av kvinnelege tilsette generelt i kommunen.

* Nes: Av 289,58 tilsette er 77,50 prosent kvinner.

* Gol: Av 419 tilsette er 350 kvinner og 69 menn.

* Hol: 76 prosent av dei tilsette er damer. På leiarnivå er fordelinga 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.

* Hemsedal: Av 269 tilsette er 222 kvinner og 47 menn.

* Nore og Uvdal: 79 prosent av dei faste tilsette i kommunen er kvinner. Det øvste administrative leiarnivået i Nore og Uvdal består av tre kvinner og fire menn. Blant mellomleiarane er 15 kvinner og ti menn.

KJelde: Årsmeldingane til kommunane