Her er vinnaren av Næringsprisen: – Eg visste ikkje at det var så mange som heia på oss
Dei starta i det små. Torsdag kunne Sundbrei Transport ta imot Næringsprisen for Hallingdal.
Det skjedde på tampen av Hallingdalskonferansen på Vestlia Resort Hotell på Geilo.
– Dette er stort. Det gir oss endå meir lyst til å få det bra til, seier dagleg leiar Finn Arne Sundbrei etter å ha motteke prisen på 30.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå juryen var det berre godord å få:
– Sundbrei Transport ser potensielle konkurransefortrinn der andre ser problem. Det gjer dei til ei føregangsbedrift med utprega endringsvilje og -evne, sa Elin Kaafjeld i NHO Buskerud då ho overrekte prisen.
Kraftig utvikling
Sundbrei Transport i Ål har basen sin i næringsparken i Kleivi. Frå starten i 1999, då bedrifta drog i gang med ein krokløftbil, ein kranbil og ein tilsett, sysselset dei no 30 personar og har 23 lastebilar og éin buss i oppdrag.
Sundbrei Transport
Har kranbilar, semitrailerar, lift og krokbilar.
Driv over heile Buskerud med container-utleige og kraning. Tilbyr transporttenester over heile landet.
Har eige mottak for avfall, plassert i Kleivi Næringspark på grensa mellom Ål og Hol.
– Sundbrei har vist ei imponerande evne til stadig å tenke nytt rundt eigen forretningsmodell, framhevar juryen.
Frå oppdrag for Hallingdal Renovasjon til overtaking av konteinarverksemda til Ål Auksjon og Handel, og etter kvart Hallingfrakt. Dei starta eige avfallsmottak for næringsavfall i Kleivi og er i dag ein viktig transportør for nabobedrifta Hallingplast.
– Sundbrei har utvikla og utvida verksemda og blitt ein regional aktør som tener pengar og som investerer vidare i bedrifta, understrekar juryen.
Nøkkelen til vekst
Då Hallingdølen presenterte Sundbrei Transport som kandidat til næringsprisen tidlegare i sommar, uttalte Finn Arne Sundbrei at nøkkelen til veksten har vore eit godt samspel med kundar og deira tenester.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore viktig å vere i forkant og tilby tenestene før kundane har skjønt at dei treng det, uttalte han.
– Modige val
Juryen peiker og på at bedrifta ikkje berre er oppteken av vekst, men også av at dei tilsette skal trivast. Sundbrei Transport er også kjent for å engasjere seg i lokalsamfunnet.
I tillegg legg juryen vekt på fokuset prisvinnaren har på det grøne skiftet.
– Det blir teke modige val ein meir tradisjonell transportaktør ville ha kvidd seg for å ta. Eit eksempel er investering i bygging av ladestasjonar for tungbilar i Kleivi. Sundbrei Transport har også starta med eige klimarekneskap for å få oversikt over direkte og indirekte klimapåverking, for å sjå kor og korleis dei best kan redusere sitt klimaavtrykk, uttaler juryen.
Deler på æra
Etter prisutdelinga møtte Hallingdølen stolte representantar for Kleivi-bedrifta.
– Eg vil dele prisen med fleire av dei mednominerte som har vore med og utfordra oss med å utvikle grøne tenester. Blant anna Hallingplast. Då me lufta elektriske lastebilar for dei, tente dei på ideen. Dei har hjelpt oss å ta viktige, grøne avgjerder, seier Sundbrei som også framhevar samarbeid med andre lokale bedrifter, som Reine Element.
– Kva betyr prisen for dykk?
– Det er fyrst og fremst veldig stas. Så er det kjekt at andre legg merke til ein. Eg visste ikkje at det var så mange som heia på oss, seier Finn Arne Sundbrei etter alle gratulasjonane frå deltakarane på Hallingdalskonferansen.
Artikkelen held fram under annonsen.