Jonas Gahr Støre held pressekonferanse om koronasituasjonen.

Her er dei nye nasjonale tiltaka: - No er det alvor

Full skjenkestopp, heimekontor og gult nivå i skule og barnehage. Dette blir den nye kvardagen fram mot jul.

Dessutan skal alle over 45 år få tredje vaksinedose innan midten av januar.

– No er det alvor. Det er ikkje mange dagar sidan me kom med nye tiltak. Sidan då har smitta auka kraftig, innleia statsminister Jonas Gahr Støre pressekonferansen måndag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No må me handle raskt, seier han.

Les også
120 smitta på 10 dagar i Hallingdal

Den siste tidas høge smitte har tvinga regjeringa til å stramme kraftig inn. Deltaviruset herjar og sørger for at den eine smitterekorden slår den andre. I tillegg har varianten omikron kome inn frå sida, som ein lite velkomen julegåve.

FHI har sagt at dei fryktar mellom 90.000 og 300.000 nye smittetilfelle kvar einaste dag og 50 til 200 innleggingar dagleg om me ikkje får kontroll på situasjonen.

– Ingenting tyder på at situasjonen er i ferd med å snu. Derfor må me ta grep no, seier Gahr Støre.

Men: Det er ikkje heilsvart. Det er lov å vere samla i jula.

– Det blir jul. Du kan reise heim i jula. Du kan vere saman med dine nærmaste, seier statsministeren.

Regjeringa har sagt du ikkje bør ha fleire enn ti gjester heime i jula. Ein gong i løpet av jul og nyttår kan du ha 20 gjester. I tillegg ber dei folk om å ha få nærkontaktar - men ikkje isolere seg.

Les også
Første omikron-tilfellet bekrefta: - Det var berre eit tidsspørmål

Dette er dei nye nasjonale tiltaka:

Servering:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Full skjenkestopp, både inne og ute.

* Serveringsstader skal sørge for at alle kan halde ein meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og andre nære.

* Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som fører med seg mindre avstand mellom gjestene enn ein meter. Eksempelvis dansing.

* Serveringsstader med skjenkebevilling skal ha sitteplass til alle gjester.

* Alle gjester skal registrere seg, og dele kontaktopplysningar, om dei sjølv godtek å gjere det.

* Det skal ikkje vere servering for innandørs private samlingar med fleire enn 20 personar inne og 50 ute.

Sosial kontakt:

* Reduser talet på nærkontaktar. Men ikkje isoler deg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Så langt det går, bør du treffe folk utandørs.

* Personar med risiko for alvorleg sjukdom bør skjerme seg.

Arbeidsliv:

* Alle som kan ha heimekontor, skal ha det.

* Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige oppgåver i møte med sårbare grupper og barn.

* Det er anbefalt å ha ein meter avstand.

Fritidsaktivitetar:

* Barn og unge kan ha organiserte fritidsaktivitetar, men det blir avgrensingar i kor mange som kan delta. Innandørs bør det ikkje vere fleire enn 20 - med mindre alle er frå same kohort.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Barn og unge kan trene eller øve i lag, men det er ikkje anbefalt å ha cupar, kampar eller turneringar der barn frå ulike plassar samlar seg.

* Det er unntak for utandørs idrettsarrangement, så lenge barna kan halde ein meter avstand.

* Barn og unge som er ferdig på ungdomsskule bør halde ein meter avstand også på fritida. Det betyr at dei ikkje bør spele fotball eller handball, som er kontaktsport.

* For vaksne blir det anbefalt å utsette eller avlyse arrangement knytt til organiserte idretts- og fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper.

* Vaksne kan trene eller ha organisert aktivitet utandørs, men med maks 20 deltakarar. Dei må også halde meteren.

Arrangement:

* Det blir anbefalt å ha så få nærkontaktar som mogleg. Du bør bruke meir tid heime.

* Maksimalt 20 personar på innandørs arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Minnestunder eller gravferd kan ha 50 personar innandørs og utandørs.

* Maksimalt 20 personar innandørs på offentlege arrangement utan faste plassar, og 50 personar ved bruk av sitteplassar.

* Ved utandørs arrangement: Maks 100 personar utan faste plassar. Ved faste plassar, 200 x 3 personar.

* Munnbind-påbod innandørs ved arrangement.

Skular, barnehage og SFO:

* Det blir nasjonalt gult nivå. Lokalt kan det bli raudt nivå.

* Nasjonalt raudt nivå ved vidaregåande skule og vaksenopplæring.

* Universitet, høgskule og fagskule skal legge til rette for digital undervisning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karantene:

* Felles reglar for alle, uavhengig av virusvariant. Husstandsmedlemmer og andre nærkontaktar skal vere i karantene i sju dagar, før dei kan teste seg ut. Andre nærkontaktar kan teste seg ut etter tre dagar.

Tiltaka skal gjelde frå midnatt tysdag kveld. Dei gjeld for fire veker framover.

Les også
Reagerer på at skulen ikkje stenger: - Testing eit betre alternativ, svarer kommunen
Les også
No er 41 smitta etter julebord: Barnehage og skule råka av smitte
Les også
To nye tilsette ved helsetunet smitta: Held fram med strenge tiltak