Prest Ingrid Finsådal Bakke og Tale Maria Krohn Engvik, alias Helsesista på Snapchat, i Gol kyrkje måndag kveld.

«Helsesista»: – Eg klarar ikkje å svare alle snappane eg får, men eg tek tak i problema som blir reist

«Helsesista» har gode kvardagsråd til alle, men ikkje minst til ungdommen. Ho fylte kyrkja godt opp måndag kveld.

– Eg kjem nærmast rett frå fengselet i Valdres og hit til kyrkja på Gol. Det er fyrste gong eg skal halde foredrag med Jesus i bakgrunnen. Eg måtte legge ut på insta før eg gjekk inn, smiler Helsesista. Tale Maria Krohn Engvik er eit godt kjend fjes på Snapchat.

Alle fekk ein påminnar om kva som kan vere enkle knep for å kome i snakk med tenåringen - eller foreldra sine.

Viktig bodskap

Trusopplærar Britt Marie Haraldset, lydmann for kvelden Kjetil Storebråten og konstituert kyrkjeverje i Hemsedal, Irene Markegård tok imot i ei varm kyrkje. Haraldset og Markegård har jobba med dette sidan i haust og har fått både midlar og bookinga av Helsesista på plass. Sjølv om det på førehand vart litt diskusjon om ein kveld med henne er egna til å søkje trusopplæringmiddel til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kunne ikkje anna enn å få eit nei. Men det vart ja. Helsesista har ein kjempeviktig bodskap. Dette handlar om ungdommane våre. Og kyrkja er ein møteplass, seier Markegård som sjølv har følgd Helsesista i tre år på Snachat.

Det er kyrkja i Gol, Herad og Hemsedal som er arrangørar. Dei valde å ha opent arrangement, så fleire enn berre konfirmantane kunne få oppleve Helsesista på nært hald.

Allereie ein halvtime før start strøymde folk inn dørene. Det kom folk i alle aldrar, men mest ungdom. Mange av desse skal konfirmerast neste år. Dei kom saman med foreldra sine. Det vart sett opp buss frå Hemsedal.

Helsesista i lag med pådrivarane for kvelden i Gol kyrkje. F.v.: Irene Markegård, Britt Marie Haraldset, Kjetil Storebråten og Tale Maria Krohn Engvik, alias Helsesista.

Når ut til ungdommen

Frå 2017 har Engvik hatt Snapchat-kontoen «Helsesista» - der ho som helsesøster merka at ho nådde ungdommen aller best. På deira eigen arena. Her tek ho opp forskjellige tema som ungdommen møter på dagleg.

Etter kvart har det berre auka på. Helsesista har spreidd seg til eit publikum over heile landet. I dag har ho dette som levebrød.

– Eg vil snakke om «å våge å vere». Våge å vere seg sjølv. Om presset me har i kvardagen, sjølvkjensle og det som er vondt og vanskeleg. Eg vil snakke om å våge å seie nei, seier Helsesista og helsar på prest Ingrid F. Bakke.

– Eg vil at me alle skal snakke meir saman, på tvers av alder. Det er viktig å ha nokon å prate med, nikkar Tale Maria Krohn Engvik, alias Helsesista.

Berre eit avbod

– Uansett kor mange som kjem, er det viktig for den som kjem og får utbytte av dette, seier Helsesista.

– Me har 50 konfirmantar og berre eit avbod til denne kvelden, fortel presten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem besteforeldre og. Supert. Eg vil at me alle skal snakke meir saman, på tvers av alder. Det er viktig å ha nokon å prate med, nikkar Helsesista og ønsker kvar og ein velkommen ved døra.

Tale Maria Krohn Engvik alias Helsesista kom med gode kvardagsråd til ungdommen i Gol kyrkje måndag kveld.

200.000 følgjarar

Ho har rett under 200.000 følgjarar på Snapchat. Helsesista har fått fleire prisar for arbeidet ho gjer. Tv-serie og to bøker er det vorte. Ei bok til ungdommen og ei til dei vaksne.

Bodskapen hennar handlar om å bryte ned fordommar og auke kunnskapen om psykisk helse i samfunnet. I foredraget snakkar ho om tema som unge tek opp. Tankar og kjensler kring seg sjølv og andre.

Heile Norges Helsesista i Gol kyrkje. Det er kyrkja i Gol, Herad og Hemsedal som inviterte.

Sesong for gode råd

Ho snappar dagleg til ungdom og vaksne over heile landet.

– No er det sesong, smiler ho og fortel at også ho treng hjelp i kvardagen. Det handlar om at me må stå saman. Vere lagspelarar.

– Me har skapt eit samfunn der me nærmast kan sitje aleine, jobbe aleine og bestille maten heim og ete aleine. Men me treng andre menneske. Eg er aleine med to gutar på ni og elleve. Mi eiga mor kom til Oslo frå Ålesund for å hjelpe meg no. Eg reiser vidare til Kristiansand herifrå. Me er avhengig av hjelp og må lære oss å be om den, fortel ho.

Lært å våge

Tale Maria Krohn Engvik har vore helsesøster i Oslo kommune i fem år. Ho set fokus på tabubelagde tema som overgrep, vald, nakenbilete, sjølvmordstankar og det å ha det vanskeleg inni seg. Ting ungdommane tek opp med henne.

– Eg klarar ikkje å svare alle «snappane» eg får, men eg tek tak i problema som blir reist, fortel ho. Ein vaksen dame går forbi og seier at det er veldig gøy at Helsesista er komen til Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før var det verste eg visste å snakke i forsamlingar. No har eg lært meg å våge. På denne måten treffer eg breiast mogleg, seier Helsesista ho og entrar den kyrkjelege scena med visdomsord og kvardagsråd til både latter og stille i salen.

Olav Gullhagen (f.v.), Stein Vossmann og Jørgen Luksengard vart lokka med pizza om dei vart med for å høyre på Helsesista.

Foredrag og pizza

Tre litt meir vaksne unggutar sit på ein av dei bakarste benkane i kyrkja. Olav Gullhagen (f.v.), Stein Vossmann og Jørgen Luksengard.

– Kva fekk dykk hit i kveld?

– Mamma, kjem det raskt frå Gullhagen. Dei fniser og sit pent.

– Kva fekk dykk til å gå med på det?

– Pizza!

Det høyrer med til historia at vedkomande mamma aldri hadde trudd ho skulle få med gutane på dette. Men gutane var med, dei, akkurat som alle dei andre ungdommane og vaksne.

Si det høgt

Helsesista syner fram eit innlegg ho la ut på Snapchap som nådde 900.000 menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjenn etter kjenslene. Si det høgt kva du kjenner og kva du treng. Set ord på det. Eg har det og dårleg innimellom. Det er lov å gråte. 900.000 menneske såg gråtebiletet mitt. Det krevst mot å vere sårbar. Men du er ikkje aleine. Me må øve på å snakke om vanskelege ting. Skriv det på ein lapp eller på ei melding, rår Helsesista folk til å gjera. Ho peiker at mannskapet, eller flokken din i livet, er viktig. Den må takast godt vare på.

– Folk treng eit mannskap for stormane som kjem i livet. Kor og kven er dette mannskapet?, spurde ho.

Les også
Fleire fattige i Hallingdal: – Eg skulle jo gjerne besøkt barnebarna, men eg har ikkje råd
Les også
Han vil blåse liv i den menneskelege varmen
Les også
Bekymra for konsekvensane av lysforureining: – Me må ta natta tilbake