Får du positiv koronatest heime, kan du sjølv registrere at du er smitta.

No kan du sjølv registrere deg som koronasmitta

Om du tek ein heimetest og får positivt svar, treng du ikkje lenger kontakte legekontoret. Du kan rett og slett sjølv registrere deg som smitta.

– Du registrerer deg, deretter får du ein SMS med informasjon om kva du skal gjere. Til dømes kor lang isolasjonstid du skal ha, og korleis du skal gjennomføre smittesporing, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Tidlegare måtte du ringe legekontoret om du testa positivt heime. Deretter måtte du ta ein ordinær test på teststasjonen. Smittesporarar bad deg om informasjon om nærkontaktar, deretter ringde dei rundt.

Artikkelen held fram under annonsen.

No kan du gjere heile jobben sjølv.

Om du får to strekar på heimetesten din, kan du rett og slett gå inn på eit system som heiter ReMin. Dette ligg på kommunens heimesider. Her legg du inn nødvendig informasjon.

Les også
Den nye overlegen: – Hallingdal er plassen å vera. Det er eg overtydd om

Deretter må du isolere deg. Kanskje også tenke etter kven du har hatt som nærkontaktar i det siste, og ringe dei med eit lite varsku.

– Men det er framleis mogleg å ringe legekontoret og smittesporarane om du har spørsmål. Me kjem også til å følgje nøye med, understrekar Underland.

Når du har lagt inn den positive testen din i ReMin, kan legane i kommunen din sjå at du har registrert deg som smitta.

– Me kjem til å kontakte dei som gjer dette, for å sjå at ting fungerer. Me håpar at dette innan kort tid vil avlaste smittesporarane våre mykje, seier Underland.

Tidlegare i pandemien har maskineriet starta av seg sjølv om nokon vart smitta av koronaviruset.

– Det har vore klare reglar og beskjedar om korleis du skal halde deg. No endrar dette seg til å i større grad la den enkelte ta ansvar, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har du gitt opp å unngå korona?
Les også
Kvifor luskar denne karen rundt hytta? - Det kjennest ubehageleg
Les også
Først korona, så straumprisen, deretter forsvann snøen ...