Nesbyen ungdomsskule er sett i karantene.

Ungdomsskulen sett i karantene etter smitte

Elevane ved Nesbyen ungdomsskule er bedne om å halde seg heime i karantene resten av veka.

– Me fekk eit positivt smittetilfelle seint i går kveld. Testen vart tatt i går, seier kommuneoverlege Nils Høva til Hallingdølen tidleg torsdag morgon.

– Det er ein litt uoversiktleg situasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den smitta var på skulen og fekk symptom, og kommunen tek ingen sjansar. Derfor gjekk det ut ei melding til alle foreldre seint onsdag kveld om at ingen måtte møte på skulen.

Ved 08-tida torsdag budde Høva og legekontoret seg på massetesting. Godt over 100 elevar skal ta hurtigtest i formiddag.

– Me jobbar med å lage eit system for det. Me kjem nok til å bruke den kommunale teststasjonen. Me har jobba med å få på plass ei personalgruppe som kan ta seg av denne testinga, seier Høva.

Førebels er det berre ungdomsskulen som er råka, ikkje barneskulen.

– Men det er tette band, seier kommuneoverlegen.

Korleis dette vil sjå ut etterkvart, er Høva spent på.

– Me veit meir i løpet av dagen, seier han.

Dei elevane som no er i karantene, er bedne om å ha minst mogleg omgang med familiemedlemmer fram til dei har tatt ein test nummer to. Denne skal takast på dag tre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nesbyen er klar for å setje tredje vaksinedose
Les også
Fann tyskaranes kamuflasjemåling
Les også
Vil skrinleggje planane om «Familiens hus»