Hege Bøkko ligg på 8.-plass etter fyrste dag av sprint-EM i Italia.
Hege Bøkko ligg på 8.-plass etter fyrste dag av sprint-EM i Italia.

Håvard Bøkko nummer fire - Hege nummer åtte

Søskena Bøkko er med og kjempar i EM, men det er eit stykke opp til dei beste.

Det er både sprint-EM og allrund-EM i Collalbo i Italia.

I menenes allround ligg Håvard Bøkko på fjerdeplass etter fyrste dag, bak Patrick Roest, Sven Kramer og Sverre Lunde Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meisterskapen er på ingen måte avgjort. Det er jamt i toppen.

Fekk det på slutten

På 500 meter vart Håvard Bøkko nummer to med tida 36,36.

Seinare på dagen var det 5000 meter. Den vann Sven Kramer, med Lunde Pedersen på tredjeplass og Bøkko på fjerde. Håvard Bøkko gjekk på 6.30,23.

- Det vart omtrent slik eg såg det for meg på førehand. Det gjekk bra lenge, men eg fekk det litt på slutten, sa Håvard Bøkko til NRK etter løpet.

Langt opp

I kvinnenes sprint-EM stiller Hege Bøkko.

Etter to løp, 500 og 1000 meter, ligg ho på 8.-plass.

- Det er litt kjedeleg å sjå at det er såpass langt opp til toppen, sa Bøkko til NRK etter dei to løpa laurdag.

Litt skuffa

På 500 meter vart det 7.-plass. Bøkko gjekk på 38,78, som var 1,16 svakare enn vinnar Vanessa Herzog frå Austerrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 1000 meter vart Bøkko nummer ni på tida 1.18,50. Det var 2,71 bak Danila Kachanova frå Russland som vann distansen.

- Eg er litt skuffa. No gjeld det å snu det til noko positivt sundag, sa Hege Bøkko til NRK.