Ordførar Tore Haraldset jublar om kapp med andre listekandidatar på Bygdelista måndag kveld.
Ordførar Tore Haraldset jublar om kapp med andre listekandidatar på Bygdelista måndag kveld.

Haraldset: - Dette hadde eg ikkje trudd

Nes-ordførar Tore Haraldset trudde knapt det han såg på den kvite lappen som vart levert inn til valstyret seint måndag kveld.

– Dette er rett og slett rørande.

I eit bustadhus på Nesbyen austside stod jubelen i taket. Der hadde Bygdelista samla mykje folk. Haraldset vart teken imot med stormande jubel. Spenninga var stor der også. Men ingen våga å håpe på ein framgang på 16,4 prosentpoeng og 46,9 prosent av stemmene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde aldri trudd me skulle fåeit så godt resultat, seier Haraldset.

– Kva er årsaka?

– Det vil eg ikkje spekulere i her og no. Men eg gler meg stort over resultatet.

Aps ordførarkandidat Adnan Helja, til venstre, og partileiar Frode Aaslid måtte berre konstatere at det vart eit dårleg Ap-val nok ein gong.
Aps ordførarkandidat Adnan Helja, til venstre, og partileiar Frode Aaslid måtte berre konstatere at det vart eit dårleg Ap-val nok ein gong.
Nes kommune, 2019.
Nes kommune, 2019.
Aps ordførarkandidat Adnan Helja, til venstre, og partileiar Frode Aaslid måtte berre konstatere at det vart eit dårleg Ap-val nok ein gong.
Aps ordførarkandidat Adnan Helja, til venstre, og partileiar Frode Aaslid måtte berre konstatere at det vart eit dårleg Ap-val nok ein gong.

Ein inspirasjon

Det har vore fire år med uro og dårleg samarbeidsklima i Nes-politikken.

Haraldset og Bygdelista som vart valvinnar også for fire år sidan kom i mindretal. Ap, Høgre og Sp vart tidleg ein fleirtalskonstellasjon. Alle tre partia gjekk tilbake. Verst gjekk det ut over Ap, som igjen gjorde eit katastrofeval i Nes, med berre 13,4 prosent av stemmene.

– Er dette resultatet ein personleg siger for deg?

– Lat meg seie det slik: Eg føler at me i Bygdelista har ført ein god politikk dei siste fire åra. Og personleg ser eg på resultatet som ei tillitserklæring og ein inspirasjon, seier Haraldset.

– Korleis har du det akkurat no?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må innrømme at eg har følt spenninga på kroppen. Eg har tenkt at «er det verdt det?» om å drive med dette. Men når eg ser resultatet, ser eg at det er verdt det.

Med dette valresultatet er Haraldset klar for ei ny periode, viss ikkje Ap, Sp og Høgre held fram samarbeidet. Men Bygdelista har ikkje reint fleirtal, derfor må lista søke samarbeid.

Kven han føretrekkjer vil han ikkje seie noko om.

Protestval?

Valresultatet i Nes er interessant.

– Er det eit protestval?

– Eg veit ikkje om eg vil oppfatte det slik, seier leiaren i Nes Arbeiderparti, Frode Aaslid,

– Men det er tydeleg at Bygdelista har nådd fram med sin politikk, legg han til.

Tapar

Ap vart den store taparen for fire år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne gongen gjekk det endå verre. Resultatet stadfestar ein svakare trend dei siste vala. Valresultatet kan ikkje tolkast på annan måte enn at det er grunnfjellet i partiet som på denne måten seier ifrå og straffar partiet sitt hardt, eit parti som har vore herja av indre uro og samarbeidd tett med Høgre i denne kommunestyreperioden også. Høgre og Sp gjekk også tilbake, men ikkje så mykje som Ap.

– Skuffa

Høgres ordførarkandidat Bård Heio, legg ikkje skjul på at han er litt skuffa, men han er heller ikkje overraska over resultatet.

– Me er litt misfornøgd, men me er ikkje tunge til sinns, seier Heio.

– Har du gitt opp håpet om å bli ordførar?

– Nei, me pratar om forskjellige alternativ. Bygdelista har ikkje reint fleirtal, og det er ei moglegheit.

Frode Aaslid trur det er mogleg for Ap å kome tilbake igjen for fullt i Nes.

– Nes har lange tradisjonar som Ap-kommune. No må me begynne på botnen. Men me er i ferd med å bygge noko nytt. Når alt har normalisert seg, har eg trua, seier Frode Aaslid.