Mannen som var sakna vart funne, etter ein leiteaksjon det mange var involvert.

Den sakna mannen er funnen død

Det vart verksett ein større leiteaksjon ved Ustaoset torsdag morgon. I ettermiddag vart den sakna mannen funnen, dessverre ikkje i live.

Politiet fekk torsdag morgon telefon frå ei kvinne på Ustaoset, som fortalde at mannen hennar hadde blitt borte frå hytta deira i løpet av natta.

Ved 12-tida var leiteaksjonen etter mannen i gang med full styrke. Då var både frivillige, hundar, seaking-helikopter og politiet på veg for å undersøke teigen rundt hytta. Dei hadde delt det aktuelle området mellom seg, og begynt systematisk søk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes vart folk i nærleiken bedne om å halde auga opne og melde frå om dei gjorde observasjonar av mannen.

Ved 16.30-tida melde politiet om at mannen var blitt funnen, men dessverre ikkje i live.