Slik vil Ringeriksbanen krysse Tyrifjorden. Ringeriksbanen vil korte reisetida på Bergensbanen med ein time.

Har kutta seks milliardar - Nye Veier klar for byggestart

Etter kostnadskutt er prisen for Ringeriksbanen og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss no på 36 milliardar kroner.

Eit av dei siste tiltaka frå Solberg-regjeringa i 2021 var å gi det statlege selskapet Nye Veier oppdraget med å førebu og gjennomføre Ringeriksportefølgjen (ny E16 og Ringeriksbanen). Dette har selskapet følgd opp.

Nye Veier har no kutta kostnader med seks milliardar - og er klar for å starte bygginga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre ein ting står att: Regjering og Storting må løyve pengar.

– Nærmest gryteklar

Nye Veier har lagt ut status og presentasjon for det store samferdselsprosjektet på heimesida si. Der går det fram at Nye Veier er klar for å setje spaden i jorda.

Fakta om Ringeriksbanen og E16

* 40 km ny jernbane frå Sandvika i Bærum til Hønefoss, inkludert 23 km tunnel gjennom Sollihøgda

* 25 km motorveg frå Skaret til Hønefoss

* Jernbanestasjon på Sundvollen

* Ombygging av Hønefoss stasjon

* Parallelt løp for jernbane og veg frå Vik i Hole til Hønefoss (tre kilometer)

* Vegbru og jernbanebru over Kroksund

* Vegkryss ved Elstangen (Hole), Styggdalen og Ve (Hønefoss)

«Nye Veier mener prosjektet er svært modent – nærmest gryteklart. De første hovedkontraktene kan starte i 2024 med finansiering fra Stortinget», skriv selskapet i presentasjonen sin.

Les også
Reagerer kraftig: – Har ikkje departementet fått med seg dette?

Kutta seks milliardar

Utbygginga av det felles veg- og baneprosjektet har ein kostnadsprognose på 36,4 milliardar 2020-kroner. Det er klart etter at selskapet har kutta nær seks milliardar ved å forenkle og nedskalere.

«Dette er uten betydning for det vi skal oppnå med prosjektet, som er kortere reisetid, både for togpassasjerer og de som kjører bil. Dette har vi gjort ved å redusere størrelse på tunneler, fyllinger og konstruksjoner og gjenbruke mer av eksisterende vei», utdjupar Nye Veier i presentasjonen sin.

Les meir om prosjektet og kostnadskuttet her

Dette skal ein oppnå med prosjektet

Ringeriksbanen

* Redusere reisetida mellom Bergen og Oslo med ca. ein time

* Redusere reisetida mellom Sandvika og Hønefoss til 20 minutt. Redusere reisetida mellom Oslo og Hønefoss til 35 minutt.

* Auka togtilbod – i første omgang:

– Avgangar annankvar time mellom Bergen og Oslo

– To avgangar i timen mellom Hønefoss og Oslo

Ny E16 fra Skaret til Hønefoss

* Færre stengingar og mindre kø

* Redusert køyretid

* Færre ulykker

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje hensiktsmessig

Tidleg i sommar uttalte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) via sine statssekretærar at det ikkje kom nokon avklaring på Ringeriksbanen i juni, då det var 30 år sidan Stortinget vedtok å bygge banen. Seinare følgde statssekretær Johan Vasara (Ap) opp med å så endå meir tvil rundt prosjektet:

Les også
– Nei, regjeringa kjem ikkje til å avklare Ringeriksbanen før 30-årsjubileet
Les også
Dystre utsikter for Ringeriksbanen: – Ikkje hensiktsmessig med utbyggingsavtale i 2022

– Me forventar ikkje at det vil vere hensiktsmessig å ferdigstille ein utbyggingsavtale i 2022. Utbyggingsavtalen bør inngåast når prosjektet er ferdig optimalisert og me har god kontroll på alle kostnader og risiko i prosjektet, uttalte Vasara til Hallingdølen i juni.

– Prosjektet er berekna til å vere klart ulønsamt, og har negative verknader på bl.a. naturmangfald og matjord, poengterte han samtidig som han understreka at regjeringa har eit strammare handlingsrom samanlikna med situasjonen for eit år sidan.

Det skapte uro for alle som kjempar for Ringeriksbanen, alt frå ordførarar i Hallingdal, Forum Nye Bergensbanen og det politiske miljøet i Ringerike.

Fond til dyrking

I presentasjonen sin utdjupar Nye Veier det som er gjort. Reguleringsplanen for utbygginga er vedteken. Prosjektet er skalert ned med seks milliardar, men leverer framleis på antal avganger og reisetid for Ringeriksbanen, og måla som er sett for ny E16. I tillegg er tiltak på plass for å bøte på jordbuks- og friluftsareal som går med i utbygginga:

Les også
Ap-ordførarar er forbanna: – No er det alvor
Les også
– Situasjonen er ein annan enn den me var i før valet

* Det er sett av 15 millionar kroner til nydyrkingsfond som landbrukskontoret i Ringerike og Hole forvaltar. Hittil har det kome søknader for nydyrking av 1200 mål. Prosjektet legg permanent beslag på ca. 600 mål dyrka mark.

* Omtrent 25 millionar kroner blir sett av til restaurering og erstatning av verna natur.

* 15 millionar kroner blir sett av til friluftskompensasjon og blir fordelt mellom kommunane Hole og Ringerike.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagt vekk

Nye Veier har også gjort vurderingar av andre tiltak, men har gått vekk frå desse:

«I løpet av det siste året har vi vurdert planer om å legge vei og bane i dagen i stedet for tunnelene mellom Sundvollen og Bymoen, slik det er vedtatt i reguleringsplanen. Dette har vi nå lagt helt bort. Mer vei og bane i dagen ville fått for store konsekvenser for omgivelsene», skriv selskapet i presentasjonen sin.

Les også
Bil køyrde i eit tre ved Rv7 - to personar involvert
Les også
Ønsker campus i Hallingdal: – Ein trend å tenke høgare utdanning på nye måtar
Les også
Kven skal ta over juristjobben etter Pia? Her er søkjarane