Ein person omkom på Rv7 i Gol måndag.
Ein person omkom på Rv7 i Gol måndag.

Har frigitt namnet på den omkomne

Ein nesning mista livet i ei møteulykke ved Rotneim i Gol måndag.

Det var 60 år gamle Jarle Ulvund frå Nes som mista livet i trafikkulykka på Rv7 mellom Gol og Rotneim måndag.

Han omkom då varebilen han køyrde frontkolliderte med ein semitrailer aust for avkøyringa til Fossheim Camping.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rv7 var stengt mellom Gol og Rotneim heile måndag og natt til tysdag på grunn av oppryddingsarbeid og undersøkingar. Trafikken vart omdirigert over Tuppeskogen og opna for vanleg trafikk klokka 08.10 tysdag.

Politiet trur at det var varebilen som kom over i feil køyrefelt.