Koronasmitte på Helsetunet: Ny person har testa positivt

To tilsette og ein bebuar er så langt bekrefta koronasmitta ved Gol Helsetun.

– Me har fått endå ein positiv test blant dei tilsette. Den er relatert til det første smittetilfellet, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen fredag.

– Vedkommande har ingen symptom, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er dermed to tilsette ved Helsetunet som no er smitta av viruset. I tillegg er ein av bebuarane smitta, og sett i isolasjon.

Var på jobb

At Helsetunet er råka av smitte, vart kjent torsdag. Ein tilsett hadde då testa positivt.

– Vedkommande heldt seg heime etter å ha fått symptom, men hadde vore på jobb i ein periode der ein blir definert som smittsam, altså 48 timar før symptomutvikling. Det gjorde at me gjekk breitt ut med testing av tilsette og bebuarar på Helsetunet torsdag, fortel kommuneoverlegen.

Les også
Smitte på ungdomsskulen - elevane bedne om å halde seg heime

Testinga gav endå ein positiv test, på ein bebuar.

– Vedkommande har ingen symptom. Dei positive er no isolert, seier Thurainayagam.

Som følgje av hendinga har kommunen no justert opp smitteverntiltaka ved Gol helsetun.

– Det er auka bruk av smitteførebyggande utstyr og skjerpa rutinar for besøk. Dei tilsette vil bli testa dagleg i éi veke framover, slik retningslinene er, seier Thurainayagam.

Også bebuarane vil bli testa på nytt i løpet av helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta ein test

Thurainayagam har ei oppfordring til dei som planlegger eit besøk til nokon på Gol helsetun i helga:

– Ta ein heimetest før besøket.

Kommunen var torsdag i kontakt med Folkehelseinstituttet (FHI) for å rådføre seg om dei tiltaka som no er sett i verk.

– Me håpar at me har fått stoppa dette no, seier Thurainayagam.

Les også
Sesongopnar i helga - tek ikkje i bruk koronapass