Torsdag var det stor stemning i Hallingdølen, og kake til alle tilsette. Frå venstre ansvarleg redaktør Embrik Luksengard, mediegrafikar Jarle Stanes, journalist Cecilie Skogheim og utgåveansvarleg Olav J. Bøthun.
Torsdag var det stor stemning i Hallingdølen, og kake til alle tilsette. Frå venstre ansvarleg redaktør Embrik Luksengard, mediegrafikar Jarle Stanes, journalist Cecilie Skogheim og utgåveansvarleg Olav J. Bøthun.

Hallingdølen auka mest i Buskerud

Hallingdølen vart opplagsvinnaren i Buskerud i fjor. – Moro, seier ansvarleg redaktør Embrik Luksengard.

Dei offisielle oppslagstala for andre halvår 2018 som vart offentleggjort torsdag viser ein auke i opplaget på 276 til 9013 eksemplar.

Hallingdølen auka mest av avisene i Buskerud. Denne auken kjem i tillegg til ein opplagsvekst i første halvår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har snudd ein fallande trend til ein kraftig vekst, seier Luksengard.

– Kvifor?

– Fordi me prøver å lage ei så god avis som mogleg kvar einaste dag på alle digitale plattformer samtidig som me held oppe kvaliteten på papiravisa vår. Det har me lykkast med. Papiravisa står sterkt. Dei fleste vil framleis ha papir, men me har samtidig ein fin vekst i digitale abonnement.

Tredje størst

Opplagstala viser at Hallingdølen er blant lokalavisene her i landet med størst vekst saman med Sandnesposten, som har størst opplagsauke av lokalavisene, Lindesnes i Mandal og Vestlandsnytt i Fosnavåg.

I Buskerud er ikkje Hallingdølen berre opplagsvinnaren, men papiravisa til Hallingdølen har det nest største opplaget av avisene i fylket. Berre Drammens Tidende er større. Totalopplaget med papir og digitalabonnement er det tredje største i Buskerud.

– Kva er forklaringa?

– Hard jobbing med å halde trykket på nyheiter og fortelje dei gode historiene. Me er ein viktig aktør i Hallingdal på nyheiter, reportasje og debatt. Hallingdølen er fellesarenaen i Hallingdal. Målet er å halde oppe den positive utviklinga, seier Luksengard.

Tøffe tider

– Korleis skal avisa klare det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved å lage ei best mogleg avis. Halde på den grafiske kompetansen og dei redaksjonelle ressursane. Det har me greidd. Alle tilsette har sin del av æra for opplagsauken.

Mediebransjen har opplevd tøffe tider dei seinare åra. Dette slo inn i Hallingdølen i 2008 etter toppåret i 2007 då avisa nådde 10.200 i opplag, det høgste så langt i avisas historie.

Snudde nedgangen

Sidan då har avisa hatt ein nedgang i opplaget, men mindre enn i bransjen elles. Denne trenden har Hallingdølen snudd.

– Dagen i dag er ein god dag i avisa, seier Embrik Luksengard.

Opplaget til avisene i Buskerud etter andre halvår i fjor.

* Drammens Tidende 27.154 (-399)

* Ringerikes Blad 11.029 (+213)

* Hallingdølen 9013 (+276)

* Laagendalsposten 8868 (-9)

* Bygdeposten 6479 (+75)

* Røyken og Hurums Avis 4982 (+87)

* Lierposten 3675 (+52)

* Eikerbladet 2915 (-138)

Andre:

* Valdres 8464 (+192)

* Hordaland 7822 (+76)

* Sunnhordland 6296 (+176)

* Sogn Avis 8253 (+56)