Dei siste varsla fortel om mindre nedbør sør på Vestlandet. Men Bergen, Voss og Lærdal kan vente store mengder.

Hafslund har tappa magasin - ber folk sjekke bekkar og stikkrenner

Hafslund har tappa vatn frå magasina for å ta imot dei store nedbørsmengdene som er varsla torsdag.

Torsdag morgon er status den same med tanke på nedbøren som er venta å kome inn frå vest i løpet av dagen.

I morgontimane er det i Bergen-området det regnar mest, og nedbøren vil trekkje austover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kø som følgje av vatn i vegbanen på E39 ved Glassknag i retning Åsane i Bergen torsdag morgon.

Over store delar av Vestlandet er det raudt farevarsel. Bane Nor har stengt Bergensbanen, og kommunane er førebudd på at det kan bli tøft. Aller mest fryktar ein jordskred.

Bekkar og stikkrenner

I Hol kommune er det oransje farevarsel for skred. Ein liten flik av kommunen, heilt i vest, har status raud farevarsel.

– Det er akkurat ved kommunegrensa mot Eidfjord, i Halne-området, opplyser Hol-ordførar Sigrid Simensen Ilsøy.

Les også
Raudt farevarsel i delar av Hol og Hemsedal: – Me følgjer nøye med, og er beredt

Også i vestre del av Hemsedal er det raudt farevarsel for skred.

Ilsøy fortel at Hafslund har gjort tiltak for å fange opp mest mogeleg nedbør i vassmagasina. Det vil seie tappe vatn i forkant for å frigjera plass til nedbøren som kjem.

– Det mannskap frå kommunen gjer, og det me oppmodar folk å gjera, er å sjekke stikkrenner og bekkar, fortel Ilsøy.

Varmegrader og vind

I Hemsedal følgjer ordførar Pål Rørby tett med på ekstremnedbøren i vest. Nord og vest i kommunen, i Bjøberg-området, kan det kome mykje regn. Der er det raudt farevarsel.

– Vanlegvis pustar me roleg når nedbøren kjem frå vest. Som oftast stoppar det meste i fjellet. Men denne gongen er det 10-11 varmegrader og vind, og det kjem ein kaldfront i etterkant. Desse tinga gjer at me følgjer ekstra med denne gongen, seier Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen har varsla bedrifter som har bygningar tett på elva, at det kan bli høg vasstand. Alt no er elva stor, mykje fordi Hafslund har tappa for å frigjera plass i magasina oppe i fjellet.

– Me føler me har kontroll, men følgjer nøye med på situasjonen,, seier Rørby torsdag morgon.

Følg med på info

Situasjonen er den same i Hol. Sigrid Simensen Ilsøy minner folk om at kommunen går ut med oppdatert informasjon på heimesida og via app innbyggjarane har tilgang til.

– Me er spente på kor mykje av nedbøren som trekkjer inn over våre område. I går var varselet at Finse kunne få 100 mm nedbør i løpet av eit par ettermiddagstimar. Og så er me spent på om alt kjem som regn, eller om det glir over i snø, seier Sigrid Simensen Ilsøy.