Sundag 18. august vart det gjort store skadeverk på Dagali flyplass. Fly og bilar vart ramponerte.
Sundag 18. august vart det gjort store skadeverk på Dagali flyplass. Fly og bilar vart ramponerte.

Hærverket på flyplassen: Etterlyser to menn og ei kvinne

To unge menn, ei kvinne og ein mørk SUV er etterlyst etter hærverket på Dagali flyplass sundag 18. august.

Over ein månad har gått sidan to unge menn gjorde store skadeverk inne på flyplassområdet.

Men førebels har politiet få nye spor å gå etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har fått tips

Men måndag var saka tema på TV2-programmet Åsted Norge.

Her samarbeider TV2 med politiet med å oppklare ulike saker. I etterkant av programmet har det kome inn tips til TV2 om hærverket på Dagali.

– Det er tips dei jobbar med. Per no har me ikkje fått tipsa oversendt. Me veit ikkje meir enn det, seier seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal, politioverbetjent Kari Birgit Møllerplass.

Kari Birgit Møllerplass.
Kari Birgit Møllerplass.

Møllerplass seier politiet ventar på svar frå tekniske undersøkingar som vart gjort på Dagali. Det gjeld mellom anna DNA-spor. Men etter Åsted Norge-sendinga måndag, har saka fått større merksemd.

– Me kan håpe det kjem inn fleire tips no, seier Møllerplass.

Skadeverk

Eit av dei viktigaste spora etter gjerningspersonane er video frå overvakingskamera.

Klippa som vart vist på TV2 viser at dei to kom køyrande inn til flyplassen i ein mørk SUV. Bilen er svenskregistrert, men kvaliteten på bileta frå overvakingskamera er for dårleg til å tyde skiltnummeret.

– Det hadde vore ein langt enklare jobb om me hadde registreringsnummer å gå etter, seier Møllerplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men bilen har tre ekstra tusenmeterlys montert i grillen i tillegg til ein stor skiboks. To unge menn kjem gåande inn porten tilsynelatande utstyrte for fisketur med fiskestong og håv. I seg sjølv er ikkje det overraskande. Mange nyttar området til fiske og kan gå gjennom flyplassområdet ned til elva. Men dei to har heilt tydeleg ingen plan om å fiske. I staden prøver dei å starte ein gokart som er eigd av Dagali Opplevelser. Opplevingsselskapet har base på flyplassen og tilbyr både gokart, bilslalåm og rafting. Gokartane fekk dei ikkje start på, men går i staden laus på fleire bilar og knuser mellom anna alle rutene i to privatbilar. Så går dei laus på fleire fly som står parkert. Her tømmer dei brannsløkkingsapparat og sølar til med olje.

Kven er kvinna?

Men dei har også prøvd å tukle med motorane.

Det gjer saka endå meir alvorleg. Når dei forlèt flyplassen, har det gått to timar. Men overvakingsbileta fangar også opp ei kvinne og ein hund som heilt tydeleg kjem saman med mennene. Kven er ho? Bileta frå overvakingskameraet viser at ho kjem inn porten like etter at førstemann har kome inn. Rundt henne spring ein hund. I løpet av dei to timane gutane gjennomfører skadeverket, ventar kvinna ved utgangen i nærleiken av bilen saman med hunden. Videoen frå overvakingskameraet viser at ho ruslar rundt med hunden springande etter seg. Held ho vakt?

– Ut frå desse bileta verkar skadeverket målretta?

– Det kan me ikkje seie noko om, seier Møllerplass.