Det har vore mykje testing i dagane etter påske. Her eit bilete frå koronatest i Ål rett etter nyttår i år.

Hadde påskebesøk, vart koronasmitta: 10 i karantene

Ein person i Hemsedal fekk onsdag positivt svar på koronatest.

– Det er ein fastbuande, med kjent smitteveg ut av dalen. Vedkommande har hatt besøk av nokon som vart sjuke mens dei var her i helga, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Personen som vart sjuk i helga reiste heim til eigen kommune, heilt etter regelboka. Men i etterkant har fleire blitt sjuke. Ein av dei bur altså i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore fleire sosiale samlingar, men med mange av dei same personane. Omfanget er derfor ikkje så stort, i alt er 10 personar sett i karantene og 15 er i ventekarantene, seier Underland.

Mykje testing

Av dei som er rekna som nærkontaktar til personen som vart sjuk og reiste heim, bur omtrent halvparten i Hemsedal.

– Me kjem til å teste fire-fem personar torsdag, fortel Underland.

– Me er i mål med smittesporingsjobben, og alle som skulle få beskjed om karantene har fått det.

Les også
Førebur seg på møte med statsforvaltaren: – Det er på tide å lette opp

Smittetilfellet er det andre i Hemsedal etter vel overstått påske. At det kunne dukke opp positive testar i kjølvatnet av ferien, er som venta. Dei siste dagane har langt fleire testa seg enn før, også i Hemsedal.

– Tysdag testa me 40-50 personar, onsdag mellom 10-20. Det dreier seg om testing av folk som har vore på reise, som har blitt bekrefta som nærkontaktar og som har symptom, fortel Underland.

Smitta har vore innom

Ho er godt kjent med at det har vore smitte innom kommunen i løpet av påska. I kjølvatnet av ferien har ho fått vite om fleire som har blitt sjuke etter å ha kome heim frå påskeferie i Hemsedal.

– Folk har testa seg når dei har kome heim, og blitt bekrefta smitta. Men me har altså berre to tilfelle som er smitte i eigen befolkning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slik skal landet opne opp att - trinn for trinn