Salet av Dagali flyplass til Bjørn-Arild Woll havarerte. Det førte til mykje ekstrarbeid og utgifter på fleire hundre tusen kroner i Hol kommune. Foto: Elias Dahlen

Hadde kommunestyret god nok dokumentasjon?

6. juni i fjor vedtok kommunestyret i Hol å selge Geilo Lufthavn Dagali AS for 12,5 millionar kroner. Men kva for dokumentasjon hadde politikarane på at finansieringsplanen var i orden?

Tingsalen i Hol, 6. juni 2019: Klokka var 16 minutt over tre då ordførar Petter Rukke (Ap) med eit klubbeslag heva møtet. 21 folkevalde politikarar hadde samrøystes vedteke å selge aksjane i Geilo Lufthavn Dagali AS til Bjørn-Arild Woll og hans selskap Spera Airpark for 12,5 millionar kroner.

På bordet framfor seg hadde ingen av representantane dokument som viste Wolls finansieringsplan. Men ein finansieringsplan var før møtet vurdert juridisk av Hol kommunes advokatar. Møtet gjekk for lukka dører og saksdokumenta vart unnateke offentlegheit. Men etter det Hallingdølen får opplyst, viste finansieringsplanen at det var investert 12,8 millionar frå ei rekkje investorar. Politikarane stolte på dokumentasjonen.

Men no tyder mykje på at det høgaste folkevalde organet i Hol vedtok salet på feil grunnlag. Fleire av «investorane» har aldri gått inn med eigne pengar.

Amerikansk selskap avviser

Hallingdølen veit at det anerkjende amerikanske selskapet Airmap Inc. ifølgje finansieringsplanen skulle gå inn med 2,1 millionar kroner. Men Airmap Inc. understrekar no at dei aldri har sagt ja til å investere i Wolls planar i eit internasjonalt testsenter for dronar på Dagali. Hallingdølen har saman med fagbladet Dronemagasinet fått stadfesta dette.

Airmap Inc. sel såkalla UTM-koordinat som dronar må ha for å fly. Selskapet har hovudkontor i Los Angeles og har kring 100 tilsette. I eit intervju med Dronemagasinet avviser selskapets europeiske salssjef, Olivier Quero, at dei skulle investere pengar. Derimot hadde dei ein avtale med Woll om å levere tenester til ein verdi av 100.000 kroner.

17.juli 2019 brukte Bjørn-Arild Woll samarbeid med Airmap Inc. som reklame for prosjektet på Dagali. Selskapet står også oppført som aksjonær. Men det amerikanske selskapet har aldri hatt nokon formell avtale med Woll. Foto: Skjermdump

– Noko me ser alvorleg på

– Det kom ingen betaling, og me gjorde ikkje noko arbeid, så for oss er det slik sett inga stor sak. Men han har brukt vårt namn overfor andre. Det bryt eksplisitt med føresetnadene, noko me ser alvorleg på, sier Quero til Dronemagasinet.

På spørsmål om kvifor Airmap Inc. fatta interesse for planane i Dagali, svarar Quero:

– Eg hadde sjølv ein venn som døydde året før av hjerteproblem, og vart rørt då han kontakta meg på telefon direkte i april i fjor. Han fortalde om dronesystemet med hjertestartarar. Eg vart oppglødd og interessert i saka om at Dagali skulle bli eit testsenter for redningsdronar.

Eigedomshandel i særklasse

Ikkje mange eigedomssal har skapt så mykje trøbbel for ein selgar og så mange overskrifter som salet av Dagali flyplass. Det siste året har Hallingdølen skrive ei rekkje artiklar om flyplasshandelen som gjekk i vasken. Det starta då Geilo Lufthavn Dagali AS vart lagt ut for sal for 6,7 millionar i mars 2019.

* Bodrunden vart avgjort 30. april. Bjørn-Arild Woll fekk tilslaget på 12,5 millionar. Hans planar var å etablere eit internasjonalt dronesenter i regi av Spera Airpark. I tillegg vart det seinare på våren lansert planar om oppdrett av aure kalla True Trout AS og hytteprosjektet Compact Dagali.

* 22. mai skulle kommunestyret vedta salet, men utsette saka. Då mangla ein finansieringsplan.

* I eit ekstraordinært kommunestyre 6. juni vedtok politikarane salet. Ordføraren fekk fullmakt til å signere kontrakten med Woll. Overtakingsdato var 1. juli.

* Men Woll fullførte aldri handelen. Gjennom sommaren og utover hausten hevda han det var fleire forhold som låg til grunn for at han ikkje ville signere kontrakten. Han stilte ei rekkje spørsmål om flyplassen, bygningar og avtaler. Woll meiner også at ein forkjøpsrett ikkje var ordna, og at det er hovudgrunnen til at handelen stranda.

* Sjølv om Woll ikkje hadde betalt for flyplassen og signert kontrakten, stod han fram på Facebook og heimesidene til sine prosjekt som den nye eigaren. Samtidig fekk han gjennom sommaren og hausten med investorar i dei to selskapa Spera Airpark og True Trout. Hallingdølen kjenner til at tre «investorar» betalte til saman 104.000 kroner i Spera Airpark og 50.000 kroner til True Trout AS. I tillegg har dei tre saman med sju andre betalt totalt 4,1 millionar til fleire av Wolls ulike selskap i eit tidsrom frå 2017 til 2019. Ingen av selskapa har vorte oppretta. Totalt 53 aksjonærar teikna seg i Spera Airpark, har Woll opplyst.

* Pengane gjekk til to kontoar: Ett Aktivum AS (under konkursbehandling) og Wolls personlege konto. Det går no føre seg ein tvist mellom Woll og ti personar om oppgjeret om 4,1 millionar. I november vart det teke arrest i to av Wolls bilar og i februar var det ein munnleg forhandling om saka i Hallingdal tingrett. - Me kjem til å forfølge hovudkravet med full styrke, seier advokat Magnus Bryn Løberg.

* Samtidig som Woll ikkje ville fullføre handelen i Dagali, prøvde han å selge hyttetomter i Hallandslie ikkje langt frå flyplassen. Han påstår at 13 av 15 hytter var reservert. Men også her prøvde han å selge inn eit prosjekt på eit område han ikkje eigde.

* 28. oktober varsla Hol kommune heving av bodaksepten/avtala om sal. Samtidig varsla kommunen erstatningskrav og dekningssal.

* I november avslørte Hallingdølen i ei rekkje artiklar korleis Woll hadde fått med investorar i selskap som ikkje var oppretta og på eigedommar han ikkje eigde. Woll hevda også at hallingdalskommunane var klare til å signere ei avtale om sal av eit kurs for helsepersonell. Det avviste kommunane.

* 13. november vedtok eit ekstraordinært kommunestyre å stoppe salet til Woll. Samstundes gjekk kommunen vidare til nummer to i bodrunden, investor og hotelleigar Pål G. Gundersen. Han kjøpte flyplassen for 9,5 millionar. I april 2020 vart det kjend at Geilogruppen og Geilo Holding har inngått eit samarbeid om området,

– Oppdikta historier

Woll hevdar derimot at han har dokumentasjon som kan bevise avtala med Airmap Inc. Men han vil ikkje vise e-posten for å stadfeste det. Hallingdølen var i kontakt med Woll torsdag, men han avviser å kommentere saka. Han meiner Hallingdølen og Dronemagasinets omtale av han er spekulasjonar og oppdikta historier. Men til Dronemagasinet sa han om avtala med Airmap inc.:

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn-Arild Woll fekk tilslag på Dagali flyplass for 12,5 millionar kroner i april. I oktober vart salet stoppa. Foto: Magnus Lindahl

– Eg veit ikkje kvifor Airmap seier det ikkje stemmer at dei er med.

Men det er ikkje berre Airmap som stod oppført som aksjonær utan å vite det. Også fleire i nær familie stod oppført som aksjonærar med summar frå 15.000 til 40.000 kroner.

– Hadde me vorte oppringt, så kunne me kunne avvise at me var ein del av dette for lenge sidan, seier ein av dei.

Eitt av Bjørn-Arild Wolls selskap kalla Drone Operations International vart marknadsført som ein samarbeidspartnar med eit anna av Wolls selskap, Spera Airpark. Felles for alle selskap er at dei aldri har vorte oppretta. Begge selskap er framleis «under etablering». Foto: Privat

Til dette seier Woll til Dronemagasinet:

– Min familie og tidlegare sambuar var ikkje investorar. Dei skulle få aksjar som gåve, som eg betalte. Dei kunne sjølsagt takka nei til gåva.

Nytt prosjekt i Engerdal

Då Hol kommune sette siste spikaren i kista for Wolls Dagali-planar 13. november, sette Woll kursen til Innlandet. Her har han sysla med nye droneplanar og fiskeoppdrett. Først på Røros, så i Engerdal og Folldal. På Linkedin er planar lansert. Og som på Dagali, er det dronesenter, hjartestartarar og oppdrett av fisk han satsar på. No heiter selskapa som er under etablering Arctic Droneport og Just Clean Food.

Arctic Droneport i Engerdal-området er Bjørn-Arild Wolls nye prosjekt. Foto: Privat

Etter det Hallingdølen får opplyst, har Woll vore i møte med Engerdal kommune om ein flyplass her. Airmap Inc. har også her fått førespurnad frå Woll om å bli med på på planane.

– Eg var ganske direkte med han då, og sa me måtte ha betre garantiar, og at me var lite interessert i å gjere business med han, sier Quero.

Les også
Skuldingar om løgn og bakromsspel
Les også
Ville stoppe Dagali-sal — blankt avvist av tingretten