Det er prøver frå dette høgdebassenget i Gulsvik som har påvist bakteriar.
Det er prøver frå dette høgdebassenget i Gulsvik som har påvist bakteriar.

Gulsvik: Framleis bakteriar i drikkevatnet

Nye vassprøver frå høgdebassenget i Gulsvik syner framleis bakterieverdiar.

Det var tidleg i førre veke det vart oppdaga bakteriar i høgdebassenget i Gulsvik, som forsyner 30–35 husstandar vatn. Det skjedde ved ein rutinekontroll.

Nye prøver har i ettertid stadfesta funnet. Det er ikkje snakk om store bakteriemengder, men såpass at Flå kommune har gjeve husstandane beskjed om at dei må koke drikkevatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Direkte frå vassverket

Måndag sette Flå kommune i verk nye tiltak.

– Det er i høgdebassenget det er påvist bakteriar. Derfor får abonnentane no vatn direkte frå vassverket, det går ikkje via høgdebassenget, opplyser rådgivar i Flå kommune, Kolbjørn Ødegård.

Samtidig aukar kommunen kloringa i høgdebassenget. Håpet er at dette tek knekken på bakteriane. Dette blir følgd opp i dag ved at bassenget blir tømt og erstatta med nytt, friskt vatn.

– Me kjem til å ta nye prøver etter dette, mest sannsynleg torsdag. Dei får me truleg svar på i starten av neste veke, fortel Kolbjørn Ødegård.

Framleis koking av vatn

Inntil vidare blir abonnentane bedne om framleis å koke drikkevatnet. Dette for å vera på den sikre sida.

– Det er snakk om små bakterieverdiar, men det er betre å vera litt for forsiktig, enn det motsette, seier Ødegård.