I 21-tida måndag vart resultatet av førehandsrøystene gjort kjent for politikarane som var samla på felles valvake i kommunehuset i Gol. Tendensen var ein framgang på 10,1 prosentpoeng for Ap og ordførar Heidi Granli.
I 21-tida måndag vart resultatet av førehandsrøystene gjort kjent for politikarane som var samla på felles valvake i kommunehuset i Gol. Tendensen var ein framgang på 10,1 prosentpoeng for Ap og ordførar Heidi Granli.

Granli (Ap): - Eg er ekstremt glad, overraska og svært takksam

Ordførar Heidi Granli (Ap) sit ikkje berre trygt. Ap gjer eit regelrett brakval i Gol.

Ved kommunevalet i 2015 skjedde det små maktforskyvingar. Det var berre eitt mandat som flytta seg frå ei partigruppe til ei annan.

Ved årets kommuneval skjer det derimot eit valskred i raudgrøn retning. Fem mandat skiftar partifarge.

Artikkelen held fram under annonsen.

For fire år sidan vart Ap klart største parti med 34,1 prosent av stemmene (fram 1,8 prosentpoeng). Ap fekk sju mandat og Heidi Granli vart vald til ordførar. Venstre gjekk tilbake 4 prosentpoeng til 8,5 prosent. Trass i eit dårleg val, fekk Venstre viktige posisjonar, både varaordførar og utvalsleiar. Mandatet som Venstre mista, gjekk til Høgre, som med 24,1 prosent oppslutnad fekk fem plassar og vart nest største partigruppe i kommunestyret.

Frp gjekk tilbake med 3,3 prosentpoeng til 7,2 prosent. Frp kneip likevel sistemandatet (framfor Sp) og fekk behalde sine to plassar. Sp fekk 16 prosent (fram 2,6 poeng) og fekk tre plassar i kommunestyret. Dei to siste plassane gjekk til KrF (3,8 prosent) og SV (3,6 prosent). MDG fekk 2,7 prosent av stemmene, men det var ikkje nok til å få plass i kommunestyret.

Kabalen må gå opp i elleve

Med atterhald om at endeleg mandatfordeling ikkje er klar før dei siste førehandsstemmene blir talt opp tysdag kveld, peiker prognosen på at Ap går fram 11,5 prosentpoeng til 45,6 prosent. Det ligg an til at partiet kan vinne tre plassar i kommunestyret og ta heile ti mandat.

Resultatet av førehandsrøystene gav liten grunn til optimisme for dei lokale partitoppane til regjeringspartia. Tendensen var ein kraftig tilbakegang for Tom Rune S. Blakkestad (H) (f.v.), Ludvig Munkejord (KrF) (med ryggen til) og Helge Feet (V).
Resultatet av førehandsrøystene gav liten grunn til optimisme for dei lokale partitoppane til regjeringspartia. Tendensen var ein kraftig tilbakegang for Tom Rune S. Blakkestad (H) (f.v.), Ludvig Munkejord (KrF) (med ryggen til) og Helge Feet (V).
Herbrand Jegleim er Senterpartiet sin ordførarkandidat i Gol. Då resultatet av førehandsrøystene vart kjent måndag kveld, var tendensen ein kraftig framgang for Sp, opp 7,9 prosentpoeng til 23,9 prosent.
Herbrand Jegleim er Senterpartiet sin ordførarkandidat i Gol. Då resultatet av førehandsrøystene vart kjent måndag kveld, var tendensen ein kraftig framgang for Sp, opp 7,9 prosentpoeng til 23,9 prosent.
Kommunevalet i Gol.
Kommunevalet i Gol.

Senterpartiet går fram 8,7 prosentpoeng og ligg an til å vinne to plassar i kommunestyret og bli nest størst. Høgre mistar eitt mandat og får fire plassar, Venstre mistar eitt mandat og får éin plass, SV får behalde sitt eine mandat, mens både KrF og Frp mistar sine mandat.

Det er 21 plassar i kommunestyret. For å bli ordførar, må ein ha støtte frå minimum elleve i salen. Heidi Granli (Ap) treng berre hente støtte frå eitt av dei andre partia for å få fleirtal.

Granli-effekten

Ordførar Heidi Granli surfar på ei bølgje av popularitet. Ap gjer det elendig nasjonalt, men kan kårast til suveren valvinnar i Gol.

– Eg er ekstremt glad, overraska og svært takksam. Partigruppa brølte i jubel heile gjengen. Me har høge ambisjonar for Gol, seier Granli.

– Resultatet tyder på at både KrF og Frp er ute av kommunestyret. Kva er din kommentar til at det blir færre parti?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer meg vondt at nokre ryk ut av kommunestyret. Det er ein styrke at lokaldemokratiet har mange parti og eg har sett pris på den dynamikken me har hatt med eit mangfald av parti i kommunestyret, seier ho.

Folkets dom

KrF valde i fjor å gå inn i regjeringssamarbeid med Høgre, Venstre og Frp. I Gol ligg partiet an til å ryke ut av kommunestyret.

– Eg var klar over at vårt parti balanserte på ein knivsegg. Eg er ikkje overraska, seier Ludvig Munkejord (KrF).

– Er dette slutten for Gol KrF?

– No skal me leggje oss å sove. Så får me stå opp i morgon og tenkje gjennom kva me skal gjere, seier han. Også Tor Helge Bergh (Frp) er skuffa. Frp ligg an til å gå tilbake 3,9 poeng og ende på 3,3 prosent. Det betyr at dei mistar begge plassane i kommunestyret.

– Dette er folkets dom. Men eg kan ikkje si anna enn at eg er skuffa. Men me har framleis eit lite håp. Finteljing av dei siste førehandsstemmene kan vippe det siste mandatet i vår retning. Men i lys av nasjonale trendar, er eg ikkje overraska over at me gjer eit dårleg val, seier han.

Fire år til neste val

Høgre er det partiet som prosentmessig går mest attende. Med 16,9 prosent av stemmene, har partiet ein tilbakegang på 7,2 poeng.

– Det var skuffande. Regjeringsslitasje, kan me skulde på det? Det kan bli utfordrande å drive opposisjonspolitikk med eit så dominerande Ap, seier Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H), partiets ordførarkandidat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis skal H posisjonere seg for å få gjennomslag?

– Dei neste fire åra trur eg ikkje at me får så mykje me skulle sagt. Me får heller sjå framover til neste val, seier han.

Vanskelege forhandlingar

Senterpartiet går fram 8,7 poeng og endar på 24,8 prosent.

– Eg er svært godt fornøgd. Raudgrøn side kjem styrka ut og blå side har tapt terreng. Dette er eit uttrykk for at golingane vil at Heidi Granli skal halde fram som ordførar. Ap og Granli har gjort eit brakval. Ap er i ein posisjon der dei kan hente støtte frå kven som helst, dei treng berre støtte frå eitt mandat for å få fleirtal. Det blir vanskeleg å forhandle med eit så sterkt Ap, seier ordførarkandidat Herbrand Jegleim (Sp).