Golberg litt bak på 30 km i Meråker

Det vart Emil Iversens dag då han laurdag spurtslo Sjur Røthe og Martin Johnsrud Sundby på 30 km med skibytte i NM.

Heimepublikummet i Meråker jubla for Iversen, som hadde presset på seg på heimebane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pål Golberg var lenge med i hovudfeltet, men måtte sleppe mot slutten.

Golberg gjekk inn til 15.-plass, vel 30 sekund etter vinnaren.

Johannes Høsflot Klæbo har vore sterk denne sesongen, men laurdag hang han ikkje med heilt i toppen. Han vart til slutt nummer 21 .

Tre andre hallingar stilte til start. Knut Skrindo, Gol kom på 55. plass, medan Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen vart nummer 63 og Vegard Myklemyr, Bromma nummer 102.

I kvinnenes 15 km med skibytte vann Therese Johaug suverent.

Emilie Fleten frå Gol fullførte ikkje rennet.