Pål Golberg er tilbake i verdscupen. Han kom seg til semifinalen sprinten i Dresden laudrag.
Pål Golberg er tilbake i verdscupen. Han kom seg til semifinalen sprinten i Dresden laudrag.

Godkjent comeback for Pål Golberg

Etter sjukdom og lang opptrening er Pål Golberg tilbake i verdscupen.

I sprinten i Dresden laurdag synte Golberg at han blir å rekne med framover.

Han kom seg til semifinalen, men der vart han slått ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fin posisjon

Etter ein god prolog som gavl 6. beste tid, var Golberg i ein fin posisjon. I kvartfinalen gjekk det også bra. Han vann heatet etter at Pellegrino frå Italia vart diska.

I semifinalen gjekk Golberg blant anna mot Sindre Bjørnestad Skar. Medan Golberg heldt seg bak var Skar med i teten gjennom store delar av sprinten.

Men i spurten kom ikkje Golberg seg heilt i posisjon. Det enda med femteplass etter fotofinish. Dermed var Golberg slått ut. Skar vart nummer to.

Seinare vann Skar sprintfinalen.

Positiv erfaring

Golberg har likevel god grunn til å vera fornøgd. Det var også dei som følgde løpet til golingen.

- Eg trur dette er ei positiv erfaring for Golberg, sa NRK-kommentatorane etter løpet.

Sjukdom

Pål Golberg fekk kyssesjuka i vår og vart sett kraftig tilbake.

I heile haust og på førjulsvinteren har han måbevisst trena seg tilbake til toppen. Denne helga er comebacket hans i verdscupen.