Heilt sidan 70-talet har diskusjonen gått om korleis fallet skal utnyttast.
Heilt sidan 70-talet har diskusjonen gått om korleis fallet skal utnyttast.

Godfarfossen: Mange skjær i fossestryka

Over 40 års ventetid er over. I løpet av hausten startar utbygginga av Godfarfossen. Eit mindre kraftverk med reduserte naturinngrep vart nøkkelen til konsesjon.

Godfarfossen har vore ein gjengangar på den politiske agendaen sidan slutten på 1970-talet, men det har runne mykje vatn gjennom Numedalslågen undervegs. Kraftutbygginga i Numedalslågen på grensa mellom Dagali og Uvdal har opp gjennom åra vore greidd ut og planlagt i ulike former.

Naturverneutspel, nærleiken til verneområda på Hardangervidda, utbyggingskostnader og naturinngrep har prega saka. Fleire gonger har utbygginga mellom Nedre Svangtjern og Pålsbufjorden vorte skrinlagd eller lagt på is i lange periodar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men forkjemparane for kraftprosjektet har aldri gitt opp. Med ujamne tidsrom er det børsta støv av planane.

Ein milepæl for ei realisering kom for fire år sidan. Då gav Olje- og energidepartementet klarsignal til ei nedskalert og redusert utbygging.

I vår fall også finansieringsbrikkene på plass. Det skjedde då dei tre eigarane av Godfarfoss Kraft AS sa ja til å løyve 15 millionar kroner kvar for å styrke aksjekapitalen.

Dagleg leiar i Godfarfoss Kraft, Trygve Øderud.
Dagleg leiar i Godfarfoss Kraft, Trygve Øderud.
Øystein Engen i Naturvernforbundet viste veg under vandringa langs elva og fossen då ei heil rekkje ulike interessentar var samla i 1012. Saksbehandlar i NVE, Marit Carlsen og Hallvard Kaasa i Sweco følgjer bak.
Øystein Engen i Naturvernforbundet viste veg under vandringa langs elva og fossen då ei heil rekkje ulike interessentar var samla i 1012. Saksbehandlar i NVE, Marit Carlsen og Hallvard Kaasa i Sweco følgjer bak.
Fleire gonger har utbygginga mellom Nedre Svangtjern og Pålsbufjorden vorte skrinlagd eller lagt på is.
Fleire gonger har utbygginga mellom Nedre Svangtjern og Pålsbufjorden vorte skrinlagd eller lagt på is.
Hallvard Kaasa i rådgjevar- firmaet Sweco orienterer ulike partar om utbyggingsplanane for Godfarfossen.
Hallvard Kaasa i rådgjevar- firmaet Sweco orienterer ulike partar om utbyggingsplanane for Godfarfossen.

Det er Glitre Energi, Nore og Uvdal kommune og Hol kommune som eig kvar sin tredel i selskapet.

Kraftutbygginga er kostnadsrekna til 120 millionar kroner. Kraftverket skal vera i drift frå 2021.

Omfanget av kraftutbygginga i Godfarfossen er nedskalert fleire gonger og endar på 37 GWh. Det vil dekke energibehovet for bortimot 2000 husstandar.

– At prosjektet vart nedskalert, var avgjerande for at me fekk konsesjon. Det gir lågare skatteklasse, større lønsemd og langt mindre naturinngrep, seier dagleg leiar i Godfarfoss Kraft AS, Trygve Øderud.

Øderud har jobba med kraftutbygginga i Godfarfossen i 12 år. Han er glad for at alle formalitetar er på plass at utbygginga snart kan starte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore ei tolmodsprøve. Men no ser det ut til at me endeleg kan koma i gang, seier han.

Arbeidet vart lyst ut i vår, og utbyggingsselskapet har hatt sonderingar med fleire entreprenørar.

– Det var stor respons og interesse. Me har også funne gode løysingar med grunneigarar om vegløysingar, og har inngått avtale med Statnett om å bruke ledningsnettet. Me skal kontakte Hallingdal Kraftnett for å byggje kraftlinje til anleggsområdet, seier Øderud.

Det einaste som kan stoppe eller utsetja byggjestarten i haust, er kostnaden. Dersom overslaget på totalt 120 millionar får ein kraftig sprekk, kan det bli utsetjing.

– Det finst ei økonomisk smertegrense. Me har nyleg fått inn pristilbod på halvparten av dei utlyste prosjekta. Det ser bra ut så langt, eg er ikkje skremd. Pristilboda på resten av prosjekta blir avgjerande. Det er styret som vedtek utbygginga når me har alle tilboda på bordet, sa dagleg leiar Trygve Øderud til Hallingdølen nokre dagar før siste tilbodsopninga.

Det er Glitre Energi Produksjon som står for utbygginga. Kraftverket skal drivast av Ustekveikja Energi.