Merete Elisabeth Gandrud har fått endå meir lyst på ordførarstolen etter det gode kommunevalet til Flå Ap. Arkiv
Merete Elisabeth Gandrud har fått endå meir lyst på ordførarstolen etter det gode kommunevalet til Flå Ap. Arkiv

Gandrud (Ap): - No skal det forhandlast

Arbeiderpartiet er attende på gamle høgder i Flå. – Dette er ikkje til å tru. Eg er heilt nummen, seier Flå Aps ordførarkandidat, Merete Elisabeth Gandrud.

Ordførarvalet i Flå kan bli ein thriller. I motsetnad til landet elles blæs det ein skikkeleg Ap-vind i Flå.Partiet er valets suverene vinnar. Partiet går fram frå 21,9 prosent ved valet i 2015 til 37,1 prosent. Arbeiderpartigruppa i kommunestyret aukar frå tre til fem representantar.

– Alt eller ingenting

– Me har tydelegvis greidd å engasjere flåværingane. Me har snakka om kommunale tenester og innbyggarane. Dette har slått an. Og så har me henta attende mange gamle arbeidarpartiveljarar, seier Gandrud som også har lyst på ordførarstolen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal det forhandlast. Eg kan ikkje si så mykje førebels. Men medlemene i Flå Arbeiderparti har vore tydelege på at denne gongen går me for alt, eller ingenting, understrekar ho.

Mista fleirtalet

Men også dagens ordførar, Tor Egil Buøen (Bygdelista), ynskjer å halde fram. 12 år som ordførar har ikkje gjort han mindre lysten på klubba. Men etter to periodar med reint fleirtal er Bygdelista nøydd til å setje seg ved forhandlingsbordet. Bygdelista gjekk attende frå 52 prosent ved valet for fire år sidan til 45,3 prosent. Partiet mista fleirtalet og ein representant i kommunestyret.

Buøen vil ikkje vere med på at valresultatet er ein nedtur for partiet.

Ein betenkt ordførar Tor Egil Buøen etter valet i Flå.
Ein betenkt ordførar Tor Egil Buøen etter valet i Flå.
Valresultatet 2019.
Valresultatet 2019.

– Me er framleis det klart største partiet i Flå. Det er også det tredje beste resultatet i historia. Før valet sa eg at det ville vera ein sensasjon om me skulle behalde reint fleirtal, seier Buøen som går spennande ordførarforhandlingar i møte. Bygdelista har hatt ordføraren dei siste 30 åra. Fyrst 18 år med Hans Bekken. Deretter 12 år med Buøen.

Senterpartiet sit med jokeren

– Går det mot eit ordførarskifte og Flås fyrste kvinnelege ordførar?

– Ordførarjobben er den mest spennande og privilegerte jobben ein kan ha i Flå. Klart eg har lyst til å halde fram. Men no skal det forhandlast. At Bygdelista er det klart største partiet, bør vere eit viktig moment i desse forhandlingane, meiner Buøen og legg til; – Men Senterpartiet sit med jokeren.

Nettopp det siste har Buøen heilt rett i. Senterpartiet med sine to representantar i kommunestyret sit med nøkkelen. Partiet avgjer om det blir ordførarskifte og om kommunen får sin fyrste kvinnelege ordførar. I så fall vil det blir både kvinneleg ordførar og varaordførar i Flå. Merete Elisabeth Gandrud (Ap) kan bli den nye ordføraren medan Sigrid Hauglann Grimeli (Sp) kan bli den nye varaordføraren.