330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.
330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.

Funnen etter 20 timar

Kring klokka 01 natt til sundag sette politiet i gang ein leiteaksjon etter ei kvinne i Gol.

Kvinna hadde gått seg bort i eit skogsområde på toppen av Sudnlie, og ringte politiet då ho ikkje fann vegen heim. Etter kvart vart også eit Sea King-helikopter sett inn i søket. I tillegg var mannskap frå både Gol og Hemsedal Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshundar involvert i aksjonen. Terrenget i Sudnlie var både bratt og glatt. Det vart såleis ein krevjande aksjon ettersom leitemannskapa i hovudsak måtte ta seg inn i området til fots. 

Rett før klokka 05 sundag morgon meldte politiet på Twitter at den sakna kvinna var funnen, etter å ha vore 20 timar ute i terrenget. Ho var nedkjølt, og vart sjekka av helsepersonell.