annonse

Fun­nen om­ko­men ved Skogs­horn

Stor leiteaksjon
Stor leiteaksjon: Ein person vart laurdag funnen omkomen ved Skogshorn i Hemsedal. (Foto: Arkiv)

Sto­re styr­ker leit­te et­ter ein mann i Hem­se­dal laur­dag. Same et­ter­mid­dag vart ein per­so­n fun­nen død.

Tone Merete Tho

Fre­dag vart ein mann meldt sak­na i Hem­se­dal. Po­li­t­iet set­te i gang med å et­ter­fors­ke og laur­dag vart det sett i gang ein lei­te­ak­sjon.

Rett over klok­ka 16 vart ein mann fun­nen om­ko­men i bot­nen av ein berg­skrent i Skogshorn-om­rå­det. Det er for tid­leg å slå fast at det er den sak­na som er fun­nen.

Ifølgje ope­ra­sjons­lei­ar Stig Væ­rå­mo­en i Sør-Øst po­li­ti­dist­rikt er det ik­kje mis­tan­ke om at den om­kom­ne er ut­sett for ei kri­mi­nell hand­ling.

Det var eit Sea King red­nings­he­li­kop­ter som fann den omkomne i ter­ren­get. I til­legg del­tok luft­am­bu­lan­sen, eit fly frå Klanten på Gols­fjel­let, eit par ek­vi­pa­sjar frå Nors­ke Rednings­hun­dar og 20–25 per­so­nar frå Røde Kors hjel­pe­korps. Dei fann fyrst bi­len til den sak­na og sei­na­re altså ein om­ko­men per­son.

Den sak­na per­so­nen er ein utan­landsk stats­bor­gar som bud­de og ar­beid­de i Hallingdal. Det var ar­beids­gje­va­ren som mel­de han sak­na fredag på da­gen.

annonse