Fullvaksinert fekk bekrefta smitte: – Ingen kjent smitteveg

I Hemsedal har ein person fått positivt svar på koronatest. Smittesporarane har leita to veker bakover i tid, utan å finne smittekjelda.

– Det er ugunstig. Men vedkommande har gjort alt rett, og halde seg heime etter at symptoma dukka opp. Deretter testa seg. Me har fått kartlagt nærkontaktane, og testa desse, fortel kommuneoverlege Camilla Underland.

Hemsedal har ikkje hatt mange smittetilfelle dei siste vekene. Dette er det første på lang tid som har kome i eigen befolkning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande var fullvaksinert. Det minner oss om at det er viktig å halde seg heime og la seg teste om ein blir sjuk, uansett om ein er vaksinert eller ikkje, seier Underland.

Nærkontaktane vart testa med hurtigtest. Ingen av desse var positive.

– Me reknar med at me hadde plukka opp meir smitte om me hadde hatt villsmitte laus i Hemsedal. Me trur ikkje me har skjult smitte, men me kan aldri vere sikre. Myndigheitene reknar med at cirka 60 prosent av all smitte blir oppdaga. Dermed er det eit mørketal på rundt 40 prosent. Eventuell villsmitte er ein realitet me må halde oss til. Men me har god oversikt, og så lenge folk testar seg og me har god kapasitet til å gjennomføre testing, held me smitta nede, seier Underland.

Les også
Arbeiderpartiet knip tredjemandatet
Les også
Får likevel bygge anneks
Les også
Flå fekk nei - villreinen vann