annonse

Full storm i kasta - sjå opp for hindringar i vegbanen

Buske over vegen
Buske over vegen: På Rv52 ved Robru handel i Gol måtte bilistane gjere ein unnamanøver fredag morgon. (Foto: Line Sandvik)
Buske over vegen
Buske over vegen: På Rv52 ved Robru handel i Gol måtte bilistane gjere ein unnamanøver fredag morgon. . (Foto: Line Sandvik)

I morgontimane fredag låg ei granbuske over Rv52 i Gol.

Line Sandvik

I delar av dalen er det meldt stiv kuling dei næraste timane.

Kraftig blåst førte mellom anna til buskevelt over Rv52 ved Robru handel i Gol. Bilane på veg til jobb fredag morgon måtte ta ei unnamanøver forbi ei granbuske som hadde blåse over eine vegbanen.

Det er venta at vinden vil dempe seg utover dagen. 

– Førebels er det vel framleis ein fare for sterk vind. Men me har heldigvis ikkje hatt større problem så langt. Men eg har sjølv vore på Geilo og sett kor kraftig vinden er. Det var så me nærmast såg hundar og kattar fly. Det var utruleg mykje buskas i vegbanen, seier Øystein Velure i Hallingdal Kraftnett fredag føremiddag.

Han kan fortelje at vêrstasjonen Geilo Trafo ved Slåttahølen har registrert opp i 26 sekundmeter i natt.  

Hardangervidda er førebels stengt på grunn av uvêret. Vegen vart stengt tidleg natt til fredag. Rv52 over Hemsedalsfjellet og Fv50 Hol-Aurland er open fredag føremiddag. Vegen har snø- og isdekke og til dels glatte og vanskelege køyreforhold. 

annonse