N/A: Pål Terje Rørby

Han både fryktar og ventar snøskred i helga: - Hald deg under tregrensa!

Pål Rørby har aldri opplevd snøskredfaren så stor som akkurat no. - Me ventar det vil gå skred i helga, seier han.

Ordføraren i Hemsedal er bekymra ved inngangen til helga. Snøforholda er kompliserte denne vinteren, og med 20-30 cm tung nysnø på toppen av dette, fryktar han for sikkerheita dersom folk utfordrar fjellet og bratt terreng denne helga.

– Ja, eg er veldig bekymra, understrekar han til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigne erfaringar

Han var sjølv ute med trugar og brett torsdag kveld. I det han kom i toppen av tregrensa opplevde han både drønn og at snøen slo sprekkar.

Les også
Stor mengder nysnø gjer skredfaren endå større

– Eg har ikkje opplevd så spesielle og krevjande forhold med tanke på snøskred på mange år som akkurat no. På turar har eg sett det er gått skred der det aldri har rasa før, understrekar Rørby.

Ventar skred

Bodskapen hans er klar. Dette er ikkje helga å utfordre toppar og bratte lier.

Les også
Snøskred i Hemsedal - ingen menneske skal vere sakna

– Me ventar at det vil gå skred i helga; anten at dei blir løyst ut av seg sjølv eller at folk løyser dei ut. Det som gjer meg bekymra er at det etter kvart er mange topptur-folk utan den store erfaringa. Sjølv med god kunnskap og mykje erfaring er det farleg slik forholda er no, seier Rørby.

Sender ut melding

Han har diskutert situasjonen med ordførarkollegaene sine i Hallingdal. Hemsedal vil sende ut SMS til både innbyggjarar og dei som gjestar bygda, som fortel om dei farlege forholda akkurat no.

– Beredskapen er på topp, men det viktigaste er at kvar enkelt tek ansvar, understrekar Rørby.

Les også
Åtvarar om skredfare i fjella

– Kva er ditt råd til folk?

– Hald deg under tregrensa, der er det tryggare, sjølv om det også der kan vera utfordringar. Tenker du på turar i høgfjellet, i lesidene, så la det vera!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen sikkerheit

Ordføraren understrekar at beredskapen er på topp. Men det betyr ikkje at folk kan føle seg trygge. Skjer ulykka, kan det stå om minuttar om ein overleve. Dette er ikkje helga å utfordre lagnaden.

– No må folk vera fornuftige og halde seg unna farlege stader, er den klare meldinga frå ordførar Pål Rørby.

Også Røde Kors følgjer med på vêr- og føresituasjonen. Odd Inge Blakkestad veit at laussnø triggar skikøyrarar, men også hans oppfordring er klar:

– Ver varsame, no må folk vite kva dei gjer, seier han.

Les også
Tok tilbake trona: - Artig å ha selt flest bilar
Les også
Opna butikk i 2020: - Lært så mykje
Les også
Desse føretaka kom til i 2020