Front mot front, ingen alvorleg skadd

To bilar frontkolliderte i Hemsedal natt til sundag.

Ulykka skjedde litt før klokka fem sundag morgon, på Rv52 i området Hemsedal Skisenter.

Den eine bilen, ein Golf, mista kontrollen på det glatte føret. Han kom over i motsett køyrefelt og kolliderte med ein møtande bil, ein litauisk registrert Peugeot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var fire personar involvert i ulykka, to i kvar bil. Ingen av dei skal vera alvorleg skadd. Ifølgje politiet vart to personar sendt til legevakt for sjekk.

Ambulanse, brann og politi rykte ut til ulykka. Det blir oppretta sak etter ulykka, men det vart ikkje beslaglagt noko førarkort.