Natt til sundag vart ei kvinne meld sakna på Geilo. Ho vart funnen nedkjølt og sterkt forkommen av politiet etter tre timar.
Natt til sundag vart ei kvinne meld sakna på Geilo. Ho vart funnen nedkjølt og sterkt forkommen av politiet etter tre timar.

Frakta til sjukehus, kritisk nedkjølt

Natt til sundag vart ei kvinne frakta med ambulanse frå Geilo til Rikshospitalet.

Det var ei bekymra veninne som melde henne sakna i 2-tida om natta. Ein politipatrulje leita i området der ho sist var observert og kontakta taxiane på Geilo om å halde utkikk.

Kalla inn frivillige

Også Hovudredningssentralen vart varsla. I 04.30-tida fekk politiet løyve til å utvide søket og kalle inn hjelp frå frivillige mannskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men innan Røde Kors Hjelpekorps rakk å mobilisere vart ho funnen av ein politipatrulje bak ein snøhaug i Geilo sentrum. Då var klokka litt over 5, fortel operasjonsleiar Erik Gunnerød, ved operasjonssentralen i Sør-Øst Politidistrikt. Då hadde kvinna vore sakna i vel tre timar.

Tilstanden var kritisk

Den sakna var ei kvinne i slutten av 40-åra busett i Telemark.

– Ho var kraftig nedkjølt, men bevisst slik at politipatruljen fekk kontakt med henne. Politiet ytte førstehjelp til ambulansen kom etter kort tid. Ambulansemannskapa vurderte at tilstanden var kritisk. Sidan det ikkje var flyvêr for luftambulansen, vart ho frakta til Rikshospitalet med ambulanse, seier Gunnerød.

– Var det alkohol i biletet?

– Ja, du sovnar ikkje ute viss du er edru, seier han.