Politiet sikrar spor på åstaden.
Politiet sikrar spor på åstaden.

Fortalde at kjærasten låg drept på hytta

Ein mann er sikta for å drepe kjærasten sin på ei hytte i Flå.

Kvinna vart funnen død i ei hytte på Sørbørfjell etter at ein mann fortalde at han hadde drepe kjærasten sin.

Det var ved 08.00-tida tysdag morgon at redningsmannskapa vart kalla ut til ei trafikkulykke i Gulsvik. To bilar hadde kollidert på Rv7. I den eine bilen sat det to personar som vart sende til legevakt, i den andre bilen sat det ein person, og han sat fastklemt. Og det var han som fortalde redningsmannskap som kom til at han hadde drepe kjærasten sin, og at ho låg død i hytta i Sørbølfjell. Då politiet kom til hytta, fann dei kvinna død.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sikta for drap

Politiet i Nordre Buskerud har sett i verk full drapsetterforsking. Mannen var skadd og vart sendt til sjukehus. Han er sikta for drap etter straffelovas paragraf 275.

– Av omsyn til etterforskinga ønskjer me ikkje å kommentere omstenda nærmare, seier politiadvokat Per Thomas Omholt.

Politiet reknar med at drapet har skjedd tysdag morgon. Men fordi den sikta ligg på sjukehus, er han enno ikkje avhøyrt.

Hytta der drapet skjedde ligg i eit relativt nyutvikla hyttefelt på Sørbølfjell.
Hytta der drapet skjedde ligg i eit relativt nyutvikla hyttefelt på Sørbølfjell.
Drapet skjedde i eit hyttefelt ved Sørbølfjell rundt åtte kilometer nord for Gulsvik. Bilulykka skjedde rett utanfor kartområdet, på Rv7, aust for Gulsvik.
Drapet skjedde i eit hyttefelt ved Sørbølfjell rundt åtte kilometer nord for Gulsvik. Bilulykka skjedde rett utanfor kartområdet, på Rv7, aust for Gulsvik.
Politiet stenge av eit større område kring åstaden for å sikre spor.
Politiet stenge av eit større område kring åstaden for å sikre spor.
Her har politiet markert staden der drapsmannen  kolliderte.
Her har politiet markert staden der drapsmannen kolliderte.
Her i grøfta av Rv7 forbi Gulsvik  stoppa bilturen for drapsmannen.
Her i grøfta av Rv7 forbi Gulsvik stoppa bilturen for drapsmannen.

– Korleis vart kvinna drepen?

– Det kan eg ikkje kommentere, og eg kan heller ikkje seie noko om drapsvåpen, seier Omholt.

Rundspørjing

Det blir no gjennomført både teknisk og taktisk etterforsking på drapsstaden, og politiet i Hallingdal har bede om hjelp frå Kripos. Politiet går også frå dør til dør i hytteområdet i Sørbølfjell i tilfelle folk kan ha observert noko.  

– Var dei aleine i hytta?

– Dei var på hyttetur. I utgangspunktet var det berre dei to til stades i hytta, seier Omholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både den drepne og den sikta er norske statsborgarar. Dei er ikkje heimehøyrande i Hallingdal. Dei er begge fødde på 90-talet.