Første smittetilfelle på over ei veke: – Varsko til alle om å vere var på symptom
Ein person er smitta av koronaviruset i Hemsedal etter å ha hatt påskebesøk.
– Det er ikkje mange som er sett i karantene som følgje av dette. Berre tre, pluss åtte i ventekarantene, fortel kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen måndag kveld.
Den smitta er fastbuande, og fekk symptom på tampen av påska. Personen vart testa med hurtigtest måndag, og svaret kom att positivt.
– Smittevegen er frå utanfor dalen. Vedkommande har hatt besøk av nokon som truleg er smittekjelda. Me har full kontroll på dette, men det er likevel eit varsko til alle om å vere var på symptom. Om du har vore på reise eller hatt besøk, og får symptom, må du teste deg, seier Underland.
Vil bli meir testing
Smittetalet i Norge har gått ned i påska, men samstundes har færre testa seg. Det er dei neste dagane og vekene som vil kunne si noko om korleis påska har gått.
– Me er naive om me trur me ikkje har hatt smitte innom den siste veka, seier Underland.
Truleg vil testaktiviteten gå opp dei kommande dagane, også i store kommunar. Når mykje folk har vore på farten, er det truleg at det vil dukke opp smitte her og der.
Kryssar fingrane
Ved inngangen til påska opplevde Hemsedal å få beskjed om ei sosial samling i bygda som hadde endt med ti smitta. Ingen av dei høyrde heime i Hemsedal, og kommunen fekk ikkje beskjed frå dei råka kommunane om det hadde skjedd noko.
Dette ønsker ikkje Underland å oppleve på ny.
– Når det blir stor aktivitet med sporing og testing i store kommunar er me urolege for at me ikkje skal få beskjed, seier ho.