Det blir påbod om munnbind i heile Hallingdal fram til 15. mars.

Forlenger påbodet: No må du bruke munnbind i fire nye veker

Med vinterferien rett om hjørnet har heile Hallingdal bestemt seg for å forlenge påbodet om munnbind. Dei fleste i fire veker, Flå i tre.

Kriseleiinga i både Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå bestemte seg måndag for å fornye forskriftene for påbod om munnbind.

Fire nye veker

Heilt sidan rett før jul har det vore eit krav i Hallingdal om at før du går inn på ein offentleg stad der du ikkje kan halde ein meter avstand til andre, skal du bruke munnbind. No har me kome godt ut i februar, og å ta på seg munnbindet har etter kvart blitt ein vane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane har vurdert situasjonen nærmast frå veke til veke etter nyttår. Påbodet om bruk av munnbind har blitt forlenga fleire gonger, sist frå 1. - 15. februar.

Denne gongen har fem kommunar vald å forlenge i heile fire veker, til 15. mars. Flå held seg til 8. mars, ei veke mindre.

Ei forlenging av påbodet er i tråd med anbefalinga som kommuneoverlegane kom med fredag. Vinterferien er like om hjørnet. Alt om ei knapp veke er den i gang, og det er venta mykje besøk i dalen. Det er eit argument for å halde på påbodet endå ei stund til.

Mange stader å passe på

Gol kommune var tidleg ute med å lage ei ny forskrift måndag. Etter det Hallingdølen kjenner til, er ordlyden omtrent lik hjå dei andre kommunane.

Forskrifta seier at ein skal bruke munnbind i butikkar, på serveringsstader, i tru- og livssynsbaserte lokale, i alle typar fellesområde innandørs og i lokale for kultur-, sport- og fritidsaktivitetar der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje dei som utøver fysisk aktivitet.

Påbodet gjeld også for dei som reiser kollektivt, i buss, taxi, skibuss og skulebuss.

Vidare skal tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meter avstand frå besøkande bruke munnbind - det dreier seg om plassar der det ikkje er sett i verk andre smitteverntiltak for dei tilsette, som bruk av visir, skiljeveggar og så vidare.

Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske grunnar ikkje kan bruke munnbind.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plikta til munnbind gjeld innandørs, men det blir oppmoda til å bruke dette også utandørs der det kan danne seg kø. Til dømes i heiskø, taxikø eller kø utanfor serveringsstader.