Innsatsleiar Odd Halvard Seterdal i politiet på ulykkesstaden.
Innsatsleiar Odd Halvard Seterdal i politiet på ulykkesstaden.

Føraren omkom truleg momentant

Føraren av ein varebil omkom då han frontkolliderte med ein semitrailer på Rv7 ved Fossheim Camping mellom Rotneim og Gol måndag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.45.

Front mot front

Varebilen var på veg nedover Rv7 i retning Gol då han frontkolliderte med semitraileren som var på veg oppover dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kollisjonen skjedde på flata etter at varebilen hadde passert ein venstresving og ein bakketopp, eit par hundre meter aust for avkøyringa til Fossheim Camping.

Kraftig

– Det var ein front mot front kollisjon og ein kraftig samanstøyt. Føraren av varebilen har truleg omkome momentant. Føraren av traileren slapp lettare frå det og vart sendt til sjukehus med bilambulanse, seier innsatsleiar Odd Halvard Seterdal.

Det var ingen andre personar i ulykkesbilane.

Hallingdølen)
Hallingdølen)

Seterdal kan ikkje seie sikkert om kven som har kome over i feil køyrefelt. Men det kan tyde på at det er varebilen. Han kan heller ikkje seie noko om kvar den forulykka kjem frå.

Trafikken over Tuppeskogen

Alle nødetatar frå fleire kommunar rykte ut etter ulykka. Rv7 vart stengt straks det kom utrykkingspersonell til ulykkesstaden.

All trafikk, både austover og vestover, vart omdirigert over Tuppeskogen mellom Rotneim og Gol.

– Rv7 kjem til å bli stengt mellom Gol og Rotneim lenge utover kvelden. Oppryddinga og undersøkingane vil ta tid, og lasta på traileren må omlastast. Krimteknikarar frå politiet på Hønefoss og ulykkeskommisjonen i Statens vegvesen er på veg oppover, sa Seterdal på ulykkesstaden halvannan time etter ulykka.