Kronprinsen møter ungdommane som søker utfordringar høgt over bakken.
Kronprinsen møter ungdommane som søker utfordringar høgt over bakken.

For ein dag: Kongeleg møte i klatreveggen

Det gjekk slag i slag for Kronprins Haakon og følget hans då han i dag kom til Gol for åopne UngInvest-etableringa.

Kronprinsen kom til gamle Gol skule klokka 10.00. Her vart han møtt av fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland, ordførar Heidi Granli og politimeister Christine Fossen.

Han vart også helsa velkomen av 25–30 skuleelevar frå Læringssenteret, som har tilhald i dei same lokala. Deretter var det omvisning i lokala til UngInvest og Kronprinsen fekk prate med ungdomane som brukar det nystarta tilbodet i Hallingdal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Vertskap

Vertskap for gjestinga var fylkesordførar Roger Ryberg, leiar Ingebjørg Mæland i UngInvest Buskerud, avdelingsleiar i Gol, Trine Olsvik Løken og dagleg leiar Irene Lystrup frå Kronprinsparets fond. Fondet støttar UngInvest økonomisk.

Under samlinga i skulen fekk Kronprinsen bli informert om oppstarten av den nye avdelinga.Han fekk også sjå filmopptak av ulike læringsaktivitetar. Ein av ungdommane, Mads Tomas Ekra, fortalde om  sitt «vegkart» for opphaldet ved senteret. Kronprinsen fekk også eit innblikk i den pedagogiske tenkinga. Han var også med på å signere det blir kalla styrkeveggen som symboliserer ein viktig del av grunnideen med  UngInvest.

Deretter vart det hengt opp eit offisielt skilt for UngInvest Hallingdal, og dette var Kronprinsen sjølv med på å gjera.

Deltakarane møter ein svært aktiv og engasjert tronarving under arbeidet  med ungdommane.
Deltakarane møter ein svært aktiv og engasjert tronarving under arbeidet med ungdommane.
Fingermat med smak av Hallingdal. Vaktelegg. Reinsdyrlår. Og anna godt. F.v. Jørgen Kolderup, Victoria Syvertsen og Karoline Hole.
Fingermat med smak av Hallingdal. Vaktelegg. Reinsdyrlår. Og anna godt. F.v. Jørgen Kolderup, Victoria Syvertsen og Karoline Hole.
25-30 elevar frå Læringssenteret møtte Kronprins Haakon før han gjekk inn i lokala til UngInvest.
25-30 elevar frå Læringssenteret møtte Kronprins Haakon før han gjekk inn i lokala til UngInvest.
Kronprins Haakon vart teken imot av politimeister f.v. Christine Fossen. ordførar Heidi Granli og fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland.
Kronprins Haakon vart teken imot av politimeister f.v. Christine Fossen. ordførar Heidi Granli og fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland.
UngInvest får boltre seg i basishallen fleire gonger i veka. Hassan Al-Amiery (f.v.), Stine Øynebråten Brenno og Emilie Mythe Røren.
UngInvest får boltre seg i basishallen fleire gonger i veka. Hassan Al-Amiery (f.v.), Stine Øynebråten Brenno og Emilie Mythe Røren.
Trine Olsvik Løken ved UngInvest Hallingdal.
Trine Olsvik Løken ved UngInvest Hallingdal.

Aktiv med

Klokka 1100 gjekk turen til Gol Idrettsarena, der Kronprinsen vart møtt av administrator for hallen, Martin Kihlmark. Femåringane Ali Abdinasir Mohamed og Matilde Storeskar Engebretsgård kom med blomar. Ca. 80 personar var samla i kantina då Kronprinsen kom.

Etter at fylkesordførar og ordførar hadde ynskt velkomen var Kronprinsen aktivt med på det som skjedde. Her var det ei rekkje aktivitetar som gir eit bilete av korleis UngInvest arbeider for å bygge opp unge menneske.

Lunsj

Deretter vart det ein halvtimes lunsj. Maten vart servert av elevar frå Restaurant og matfaglina ved Gol vidaregåande skule, og det var ingen tvil om at den var vellukka.

Etter lunsjen var det omvising i arenaen. På programmet stod det fleire postar, og det var heile tida høve for Kronprinsen til å snakke med deltakarane. Han fekk også oppvisning i basishallen med elevar frå Hallingdal Folkehøgskule. Turngruppa i Gol IL deltok under leiing av leiaren i turngruppa, Inger Haug.

Neste post var speedklatring i klatrehallen, der Ingeborg Vaarvik Markussen er instruktør. Det heile vart avslutta med ei showoppvisning ved 56 elevar frå Gol skule, sett scene av Mari Vaagland, rektor ved Gol kulturskule.