Fleire personar skal vere knivstukke i nærleiken av matbutikken på Nore.

Alvorleg skadd i knivstikking: – Me har kontroll på gjerningsmannen

Tre personar er skadd, ein av dei kritisk etter knivstikking i sentrum på Norefjord i Nore og Uvdal.

Dei fyrste meldingane kom klokka 08:47. Klokka 09:45 melde fleire media at ein person var pågripen. Dette stadfesta brannsjef Kai Redalen over for Hallingdølen.

Hendinga skjedde i sentrum, like ved daglegvarebutikken Joker Egedahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knivstikkinga, der tre er skadd og ein kritisk skadd, har skjedd på Norefjord.

– Har kontroll

Innsatsleiar Tom Richard Jansen opplyser at tre personar er skadd, den eine alvorleg, men ikkje livstrugande skadd. To personar er floge med luftambulanse til Ullevål sjukehus. Ein av dei tre skadde er gjerningspersonen.

– Han er lettare skadd og har blitt frakta til arresten, opplyser Jansen.

Innsatsleiaren fortel at personen vart pågripen like ved busskuret ikkje langt frå butikken.

– Det var personar på staden som fekk kontroll over personen, med bistand frå brannvesenet. Politiet tok hand om han då dei kom, opplyser han.

Ein av dei skadde var ein person som kom til og greip inn under knivstikkinga.

Livstrugande vald

Politiet melde om hendinga klokka 08:47.

– Fleire personar er tilfeldig skadd i samband med ei knivstikking, skreiv politiet på Twitter.

Nødetatane var på veg, og aksjonen vart definert som «pågåande livstrugande vald».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Djupt tragisk

Ordførar i Nore og Uvdal, Jan Gaute Bjerke opplyser at kommunen sette krisestab.

– Situasjonen er uavklart. Me er i ferd med å sette kriseleiing akkurat no, opplyste han til Hallingdølen klokka 09:30.

– Dette er ei djupt tragisk hending, seier Bjerke. Han legg til at kommunens oppgåve er å vareta pårørande og informere innbyggjarane.

Les også
Vakna til fyrverkeri: – Var redd hestane mine skulle springe rett gjennom gjerdet
Les også
Jorun (32) er den nye prosjektleiaren - slik skal ho få folk til å velje bygda
Les også
Stille sorg over eit liv som gjekk tapt: – Han var ein som spreidde glede